Pinnedyr
Pinnedyr | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Infrarike: | Protostomia |
Rekkje: | Leddyr Arthropoda |
Underrekkje: | Seksfotingar Hexapoda |
Klasse: | Insekt Insecta |
Underklasse: | Flygande insekt Pterygota |
Infraklasse: | Neoptera |
Orden: | Pinnedyr Phasmida Jacobson & Bianchi, 1902 |
Pinnedyr eller vandrande pinnar (Phasmida eller Phasmatodea) er ein orden insekt med ufullstendig forvandling. Dei lever helst i tropiske strøk, og har artar som høyrer med mellom dei største insekta me kjenner til. Gruppa har 2 600 artar, men ingen av desse førekjem naturleg i Nord-Europa.
Kjenneteikn
[endre | endre wikiteksten]Pinnedyr, som òg omfattar vandrande blad, er store til særs store insekt. Dei fleste artane er fire centimeter eller mindre, men somme former kan bli så mykje som 35 centimeter lange. Kroppane deira liknar rettvenger i oppbygnad, og er som regel ganske avlange. Det første brystsegmentet er kort, medan dei to bakerste brystsegmenta er forlenga. Eggleggingsrøyret på bakkroppen er veikt, og haletrådane er utan ledd.
Pinnedyra har vifteforma bakvenger og fråverande eller læraktige korte dekkvenger. Mange artar er òg heilt eller delvis vengjelause - ofte er det slik at berre hannane kan å flyga. Det er i det store og det heile ofte store kjønnsskilnadar innanfor dei ulike artane - ved mange høve har hann og ho fått ulike namn før ein har funne ut at dei i røynda var same art.
Pinnedyra er meistrar i kamuflasje. Dei fleste etterliknar pinnar, men somme liknar på blad i staden. Hjå nokre av artane er tilmed egga kamuflerte til å likna frø frå planten dyra lever på. Dei er planteetarar med bitande munndelar.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Norsk Entomologisk Forening
- Brusca & Brusca: Invertebrates Sinauer Associates 2002
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- (no) pinnedyr hos Artsdatabanken
- (en) pinnedyr i Encyclopedia of Life
- (en) pinnedyr i Global Biodiversity Information Facility
- (en) pinnedyr hos Fauna Europaea
- (en) pinnedyr hos ITIS
- (en) Kategori:Phasmatodea – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- Phasmatodea – detaljert informasjon på Wikispecies