[go: up one dir, main page]
More Web Proxy on the site http://driver.im/Hopp til innhald

Paramore

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Denne artikkelen handlar om bandet. For albumet med same namn, sjå Albumet Paramore.
Paramore

OpphavFranklin i Tennessee i USA
Aktiv2004–
SjangerAlternativ rock[1][2][3]
Pop punk[4]
Power pop[5][6]
PlateselskapFueled by Ramen
MedlemmerHayley Williams
Jeremy Davis
Taylor York
[7]

Paramore er eit amerikansk band som vart danna i Franklin i Tennessee i 2004 av Hayley Williams (vokal, keyboard) og Jeremy Davis (bassgitar). Gruppa gav ut sitt første album, All We Know Is Falling, i 2005, og det andre albumet sitt, Riot!, i 2007, som selde til platina i USA og gull i England og Irland. Det tredje albumet deira, Brand New Eyes, kom ut i 2009. I 2013 kom det sjølvtitulerte albumet deira ut. Det vart nr. 1 på Billboard-listene i USA, Storbritannia, Irland, Australia, New Zealand, Brasil, Argentina og Mexico.

2002–2005: Skiping og All We Know Is Falling

[endre | endre wikiteksten]

I 2002 flytta Hayley Williams frå heimstaden sin i Mississippi til Franklin i Tennessee som 14-åring. Der møtte ho brørne Josh og Zac Farro då ho gjekk på ein privatskule.[8][9] Kort tid etter byrja ho ta songtimar hjå Brett Manning.[10] Medan dei danna Paramore, var Williams og Jeremy Davis også i eit funk-coverband som heitte The Factory, medan Farro-brørne øvde saman etter skulen.[8][11] Dei andre medlemane av det som snart kom til å verte Paramore, var skeptiske til å ha Williams som vokalist. Dei var veldig gode vener, og problema løyste seg då Williams byrja å skrive songar for bandet.[12] Bandet vart offisielt danna av Josh Farro (gitar), Zac Farro (trommer), Jeremy Davis (bassgitar) og Hayley Williams (vokal) i 2004,[13] med ein seinare medlem som var grannen til Williams,[8] Jason Bynum (rytmegitar). Dei kalla seg Paramore, etter jentenamnet hjå mora til ein av dei tidlegare bassistane.[14] Då bandet fann ut kva paramour tydde ('løynleg elskar'), bestemte dei seg for å ta i bruk namnet, men stava det Paramore.[12] Den første songen bandet skreiv saman var «Conspiracy», som seinare vart brukt på debutalbumet deira, All We Know Is Falling.

I dei neste åra opptredde dei på spelestader utanfor Nashville-området, mellom anna på festivalar som Purple Door og på Warped Tour. John Janick – ein av grunnleggjarane av plateselskapet Fueled by Ramen – fekk tak i nokre av demoane til Paramore og fór til ei Taste of Chaos-framsyning i Orlando, Florida for å sjå bandet opptre. Etter ei mindre privat framsyning på eit varehus, vart bandet signert til plateselskapet april 2005.[15]

Paramore på Winter Go West Tour i 2006.

Paramore reiste attende til Orlando og spelte inn debutalbumet deira All We Know Is Falling, men rett etter at dei kom tilbake, valde Davis å forlate gruppa av personlege grunnar. Dei medlemane som var att heldt fram med albumet, medan dei skreiv «All We Know» om avgangen hans. Seinare tok dei valet om å ha All We Know Is Falling som eit konseptalbum. Albumcoveret gjenspeglar også sorga Paramore hadde over å miste ein medlem. Williams forklarer «sofaen (på coveret på All We Know Is Falling) som ingen sit på, og skuggen som går bort er Jeremy som skal til å forlate oss, og vi føler at det er eit tomrom att.»[15] Innspelinga av All We Know Is Falling tok berre tre veker. Før dei skulle på turné, la dei til John Hembree (bassgitar) for å avløyse Davis.[16] Etter førespurnad frå bandet, vende Davis attende etter fem månader, og avløyste dermed Hembree.[17] All We Know Is Falling vart gitt ut 24. juli 2005 og vart #30 på Billboard's Heatseekers Chart. «Pressure» var den første singel Paramore gav ut, med ein video laga av Shane Drake. I juli vart «Emergency» gitt ut som den andre singelen. Regissøren var igjen Shane Drake. Hunter Lamb avløyste også Bynum på gitar.[9] Den tredje singelen «All We Know», vart gitt ut med avgrensa sendetid. Videoen bestod av ei samling av live-framsyninga og backstage-klipp.

2007–2008: Riot! og andre prosjekt

[endre | endre wikiteksten]

Paramore byrja å spele inn det andre studioalbumet, Riot!, i januar 2007 og slutta produksjonen i mars, utan Hunter Lamb på gitar. Utan Lamb vart Josh Farro nøydd til å spele begge gitarstemmene på albumet.[18] Sidan då har Lamb vorte erstatta med gitarist Taylor York, som tidlegare hadde vore i eit band med Farro-brørne før dei to møtte Williams,[8] som ein mellombels medlem på turné. Paramore spelte inn Riot! i New Jersey saman med produsent David Bendeth. Dei gav ut albumet 12. juni 2007. Riot! vart rangert på Billboard 200 som nummer 20, på UK-listene som nummer 24 og selde 44,000 eksemplar berre den første veka i USA. Namnet «riot» vart valt fordi det tyder «eit plutseleg utbrot av ukontrollerte kjensler», og det var eit ord som «oppsummerte alt». Singelane og musikkvideoen på albumet heiter «Misery Business», «Hallelujah», «Crushcrushcrush» og «That's What You Get». Før innspelinga av musikkvideoen til «That's What You Get» i februar 2008 kunngjorde dei at dei hadde avlyst seks konsertar av personlege grunnar. På nettstaden til bandet skreiv Williams at «pausen vil gi bandet ein sjanse til å kome seg vekk og løyse sine personlege problem.» MTV.com rapporterte at Paramore-tilhengjarar spekulerte om framtida til bandet. Dei rapporterte også om trøbbel som hadde byrja tidlegare same månad, då Josh Farro gav uttrykk for sinnet sitt for fokuset i media på Williams.[19][treng kjelde]

Songen «Decode» er hovudsingelen for den roman-baserte filmen Twilight. Den andre songen dei har laga for lydsporet heiter «I Caught Myself».[20] Bandet byrja å spele inn videoen til «Decode» den 13. oktober 2008. «Decode» vart gitt ut 1. oktober 2008 på den offisielle Paramore-fanklubben og Stephenie Meyer si heimeside.[21] Videoen hadde premiere 3. november.

25. november 2008 gav Paramore ut konsertalbumet, The Final Riot!. Albumet inneheldt ein bonus-DVD med ein heil konsert frå Chicago, og ein eksklusiv dokumentar bak scena.[22][treng kjelde]

2009–2010: Brand New Eyes

[endre | endre wikiteksten]
Williams i 2009.

I januar 2009, snakka Josh med musikkmagasinet Kerrang! om det tredje albumet deira: «Vi skal prøve å spele det inn i Nashville. Eg trur at å skrive songane der kjem til å inspirere oss, og om vi speler det inn der, so kan vi sove i våre eigne senger, i staden for på hotell, som vi gjer 300 dagar resten av året. Vi er ikkje sikre på kven som skal produsere albumet enno. Rob Cavallo produserte 'Decode' med oss, noko som var ei god røynsle, men vi ser oss rundt og vil ikkje ta noka avgjerd før vi har nokre songar og veit kva vi ser etter. Vi elskar korleis vi høyrest ut live og vil ha ein produsent som klarer å oppfatte det».[23]

21. januar 2009 vart det kjent at Paramore skulle vere gjest saman med The SoundsNo Doubt sin sommarturné. Den starta i mai 2009 og skulle haldast på amfiteateret og arenaer rundt om i USA og Canada.

Sidan mars 2009, byrja Paramore å skrive songar til det tredje studioalbumet sitt, kalla Brand New Eyes. 23. mars 2009, drog dei til eit studio i Hidden Hills, California for å spele det inn. Produsenten var Rob Cavallo. (Kjend for ikkje berre å produsere songen deira «Decode», men også album for band og artistar som Green Day, Avril Lavigne, Less Than Jake og My Chemical Romance.) 28. april 2009 melde MTV at det tredje albumet deira var ferdig spelt inn, og kom til å verte gitt ut i 29. september 2009. «Ignorance» vart gitt ut 7. juli som den førsten singelen frå Brand New Eyes.

2011–2012: Singles Club

[endre | endre wikiteksten]

I eit intervju med MTV den 10. januar 2011, sa Hayley Williams at sjølv om bandet hadde mista to av medlemane, skulle dei kome med ny musikk i 2011, sjølv om dei ikkje hadde stadfesta om det ville verte eit heilt album for utgivinga, eller berre eit lite tal songar.

2013–notid: Paramore

[endre | endre wikiteksten]
Paramore på 2013 Soundwave Festival.

Den første singelen frå albumet, «Now», kom ut på nett den 22. januar 2013. Den andre singelen, «Still Into You» vart gitt ut den 14. mars 2013.

Musikalsk stil og innverknadar

[endre | endre wikiteksten]
Williams er kjend for å ha stor karisma.

Alternative Press og andre meldarar har sagt at framsyninga til bandet har hjelpt dei med å verte eit meir kjent band. Alternative Press sa også at Williams «har meir karisma enn songarar som er dobbelt så gamle som ho, og at bandet hennar ikkje er så langt i frå, dei heller».[24] Songaren John Mayer roste røysta til Williams i ein blogg i oktober 2007, der han kalla ho «det store oransje vonet».[25] På grunn av det kvinnelege aspektet til bandet, har Paramore vorte samanlikna med Kelly Clarkson og Avril Lavigne, som ein annan meldar sa var «smerteleg ugrunna».[26][27] Meldar Jonathan Bradley har sagt at «Paramore angrip musikken sin med smittande entusiasme». Han sa også at «det er ikkje stor forskjell mellom Riot! og nokre av dei betre songane til Kelly Clarkson og Avril Lavigne».[28] Endå ein meldar frå NME sa også at Paramore høyrdest ut som «No Doubt (utan all ska-en)» og «Kelly Clarksons villaste draumar».[29] Williams har kommentert at bandet ikkje berre er «eit band fronta av ei jente» men eit band som lagar «musikk for folk som liker musikk, ikkje slik at folk kan snakke om seksualiteten min».[30]

Paramore har utrykt at dei set pris på band som Blink-182, Jimmy Eat World, Chicago, Sunny Day Real Estate,[31] Death Cab for Cutie, Fall Out Boy og Failure. Williams har også sagt at Robert Smith frå The Cure og Etta James er hennar personlege påverknader. Ho har også sagt at band som U2, «som er massive, gjer kva dei vil, skriv kva dei vil og som står for noko», Jimmy Eat World, «som trur dei aldri skuffar fansen sin», og No Doubt, «som har gjort fantastiske ting» er som ein stige dei gjerne vil følgje i løpet av karrieren sin.[31]

Bandmedlemane i Paramore er alle kristne, og i eit intervju med BBC sa Josh Farro at «trua vår er veldig viktig for oss. Ho påverkar musikken vår tydeleg, fordi om nokon trur på noko, kjem verdssynet deira til å påverke alt dei gjer. Men vi er ikkje her for å preike til folk, vi er her fordi vi elskar musikk.»[32]

Rolle i bandet År
2002–2004 2004–2005 2005 2005 2005–2007 2007 - nåtid
Vokal, keyboard Hayley Williams
Hovedgitar, bakgrunnsvokal Josh Farro
Bassgitar Jeremy Davis John Hembree Jeremy Davis
Trommer Zac Farro
Rytmegitar   Jason Bynum Hunter Lamb Taylor York
  • Hayley Nichole Williams (fødd 27. desember 1988 i Meridian i Mississippi) er vokalist i bandet.
  • Joshua Neil Farro (fødd 29. september 1987 i Voorhees i New Jersey) er hovudgitarist i Paramore og den eldre broren til Zac Farro. Han er ofte sett med en svart Fender Telecaster Deluxe.
  • Zachary Wayne Farro (fødd 4. juni 1990 i Voorhees i New Jersey) er den yngste medlemen i bandet.
  • Jeremy Clayton Davis (fødd 8. februar 1985 i North Little Rock i Arkansas) er bassist og eldstemann i bandet.
  • Taylor Benjamin York (fødd 17. desember 1989 i Nashville i Tennessee) er rytmegitarist i bandet.

Diskografi

[endre | endre wikiteksten]

Studioalbum

[endre | endre wikiteksten]

I videospel

[endre | endre wikiteksten]

Mange av Paramore sine songar har vore med i videospel. «Pressure» var med på konsollversjonen av The Sims 2. Andre spel er Guitar Hero On Tour: Decades, Saints Row 2 og EA Sports NHL 08.

  1. Elan, Priya. «Paramore: RIOT!». NME. Henta 9. desember 2007. 
  2. «Familiar With Emo, Intimate With Upbeat». New York Times. 30. november 2007. Henta 5. januar 2008. 
  3. Eliscu, Jenny (6. mars 2008). «Q&A: Paramore's Hayley Williams». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 20. juni 2008. Henta 5. juni 2008. 
  4. Brown, August (8. mai 2009). «Paramore gambles on raw emotions». latimes.com. Henta 12. mai 2009. 
  5. «Paramore Bio». MTV.com. 
  6. Riot review Rhapsody.com
  7. http://www.paramore.net/about
  8. 8,0 8,1 8,2 8,3 Bayer, Jonah (2008), «Born for This», Alternative Press, no. 235 
  9. 9,0 9,1 «Biography». All Music. Henta 16. august 2007. 
  10. Hayley Williams (17. oktober 2007). Youth Gone Wild. Interview with David Walter. Arkivert frå originalen 18. oktober 2007. Henta 14. oktober 2007. 
  11. Hayley Williams; Josh Farro (26. juni 2007). ASL's Exclusive Interview With Paramore. Interview with Joshua Martin. Arkivert frå originalen 19. oktober 2007. Henta 12. oktober 2007. 
  12. 12,0 12,1 Josh Farro; Hayley Williams; Jeremy Davis (14. juli 2007). Interview With Paramore. Interview with cathyreay. Henta 17. august 2007. 
  13. «History». paramore.net. 
  14. Paramore, Hello My Name is Paramore (Website), paramore.net, henta 14. desember 2007 
  15. 15,0 15,1 Hayley Williams; Josh Farro (8. august 2005). Interview: Hayley Williams and Josh Farro of Paramore. Interview with Tony Pascarella. Arkivert frå originalen 13. februar 2007. Henta 16. august 2007. 
  16. Hayley Williams (14. juli 2005). Paramore Interview. Interview with Jason Schleweis. Arkivert frå originalen 1. november 2007. Henta 12. oktober 2007. 
  17. Paramore Kerrang! Article, Kerrang!, 5. november 2006, henta 13. oktober 2007 
  18. Josh Farro (1. mai 2007). Paramore: They’re Looking for a Riot!. Interview with Stephanie Keller. Arkivert frå originalen 20. desember 2007. Henta 13. oktober 2007. 
  19. «Paramore Cancel European Tour, Say They Need Time Off To Deal With 'A Lot Of Internal Issues'». 
  20. http://www.mtv.com/movies/news/articles/1596357/20081006/story.jhtml?rsspartner=rssYahooNewscrawler
  21. «Paramore's 'Twilight' Song 'Decode' Premieres On Stephenie Meyer's Web Site». 
  22. http://www.mtv.com/movies/news/articles/1596057/20081001/story.jhtml
  23. arkivkopi, arkivert frå originalen 25. januar 2009, henta 25. januar 2009 
  24. «Bamboozle Recap: Day 1». altpress.com. 6. mai 2007. Arkivert frå originalen 10. juni 2007. Henta 13. oktober 2007. 
  25. Mayer, John (27. oktober 2007). «Paramore». Arkivert frå originalen 24. februar 2008. Henta 1. november 2007. 
  26. Pascarella, Tony (20. juli 2007). «Music Review: Paramore, «All We Know Is Falling»». the-trades.com. Arkivert frå originalen 15. juni 2013. Henta 13. oktober 2007. 
  27. Drumm, Alex. «Paramore». emotionalpunk.com. Henta 13. oktober 2007. 
  28. Bradley, Jonathan (13. august 2007). «Paramore - Riot! - Review». stylusmagazine.com. Arkivert frå originalen 6. oktober 2012. Henta 13. oktober 2007. 
  29. «Review». nme.com. Henta 13. oktober 2007. 
  30. Hayley Williams; Josh Farro (25. mai 2007). Paramore. Interview with Julia Conny. Henta 13. oktober 2007. 
  31. 31,0 31,1 «Paramore in prog shock rock?». manchestereveningnews.co.uk. Henta 13. oktober 2007. 
  32. Talking Shop: Paramore. (Interview). 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Paramore