Palm Islands
Palm Islands | |||
øy | |||
Land | Dei sameinte arabiske emirata | ||
---|---|---|---|
Koordinatar | 25°7′N 55°8′E / 25.117°N 55.133°E | ||
Palm Islands 25°07′01″N 55°07′55″E / 25.116944°N 55.131944°E | |||
Kart som viser Palm Islands.
| |||
Wikimedia Commons: The Palm |
Palm Islands er to kunstige øyar, Palm Jumeirah og Palm Jebel Ali, på kysten av Dubai i Dei sameinte arabiske emirata. I november 2014 var berre Palm Jumeirah ferdigbygd. Denne øya er forma som eit palmetre, toppa av ein halvmåne. Når øya er ferdig vil både Palm Jumeirah og Palm Jebel Ali ha same form, og begge øyane vil huse store bustadområde, feriestadar og underhaldningssenter. I alt vil øyane ha 520 kilometer med ikkje-offentlege strender.
Bygginga av Palm Jumeirah byrja i juni 2001. Kort tid etter vart det annonsert at ein skulle byggje Palm Jebel Ali. Ei tredje øy var planlagt, og bygginga starta, men denne vart seinare omforma og kalla Deiraøya.
Palm Jumeirah
[endre | endre wikiteksten]Palm Jumeirah består av ei tre stamme og 16 bregneblad, og er omgjeve av ei halvmåneforma øya som dannar ein 11 km lang bølgjebrytar. Sjølve øya er fem kilometer gongar fem kilometer.
Innbyggjarar byrja å flytte ut på Palm Jumeirah mot slutten av 2006. Palmeøyane er rekna som eit statussymbol i Dubai.
Palm Jebel Ali
[endre | endre wikiteksten]Bygginga av Palm Jebel Ali byrja i oktober 2002 og var venta å vere ferdig i midten av 2008..[1][2]
Miljøproblem
[endre | endre wikiteksten]Bygginga av Palm Islands har hatt stor innverknad på miljøet i området, og ført til endringar i dyrelivet, kysterosjon og sedimenttransport langs kysten og bølgjemønster. Sediment som vart virvla opp under bygginga gjorde skade på det lokale sjølivet, og reduserte sollyset for vegetasjonen i sjøen. Bølgjemønstra har òg endra seg då vatnet prøvar å strøyme rundt dei nye hindringane.[3][4]
Galleri
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Palm Islands» frå Wikipedia på engelsk, den 6. juni 2016.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «The Palm Jebel Ali (Palm Islands, Dubai) - Property Development». The Emirates Network: Ten Real Estate. 2007. Henta 11. februar 2007.
- ↑ «Dubai's Palm and World Islands - progress update». AMEInfo. 4. oktober 2007. Henta 28. oktober 2007.
- ↑ «Environmental Impacts of Pals Islands».
- ↑ «Dubai's Artificial World Islands Are Killing Corals and Pushing Nature Out of the Sea».
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Offisiell nettstad Arkivert 2007-02-17 ved Wayback Machine.