Sverresborg Idrettsforening
Utsjånad
(Omdirigert frå Sverresborg IF)
Sverresborg Idrettsforening er eit idrettslag heimehøyrande i bydelen Byåsen i Trondheim, stifta 30. oktober 1931. Laget er aktivt med i basketball, fotball og handball. Sverresborg spelar i grøne trøyer og svarte bukser.
Sverresborg IF er særleg kjend for kvinnelaget i handball, eit lag som i 1980-åra var mellom dei aller beste i Noreg. Perioden 1981–86 vann laget tre noregsmeisterskap, eitt seriemeisterskap og to sluttspel. Spelarar som Britt Johansen, Ingrid Steen, Åse Nygård, Hanne Hogness, Marte Eliasson, Anne Berg Larssen, Ragnhild Fausa og Karin Singstad spelte alle saman mange landskampar for Noreg.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Sverresborg IF» frå Wikipedia på bokmål, den 9. oktober 2017.