Svartand
Svartand | |
Svartandhoe | |
Svartandhann | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Livskraftig Status i Noreg: Sårbar[1] Utbreiinga av svartand | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Andefuglar Anseriformes |
Familie: | Andefamilien Anatidae |
Slekt: | Melanitta |
Art: | Svartand M. nigra |
Vitskapleg namn | |
Melanitta nigra |
Svartand (Melanitta nigra) er ei dukkand i andefamilien som hekkar ved ferskvatn mellom austlege Grønland og sentrale Sibir og overvintrar på sjøen langst kystar i Vest-Europa sørover til kysten av Vest-Sahara.
Skildring
[endre | endre wikiteksten]Hannen er svart og har ein gul flekk midt på nebbet og ein liten knøl ved nebbrota. Hoa er brungrå og har ikkje nebbknøl. På begge kjønn er beina svartbrune eller svartgrå. Svartanda vert 43–54 cm lang. I flukt verkar fuglen kompakt.
Føde
[endre | endre wikiteksten]Svartanda et krepsdyr og blautdyr som t.d. muslingar. Ved ferskvatn utgjer insekt og små fisk ein del av maten.
Læte
[endre | endre wikiteksten]På trekket til hekkeplassane kan det høyrast ein karakteristisk oppatteken ofte tostava pipelyd.
Utbreiing og taksonomi
[endre | endre wikiteksten]Svartanda hekkar frå Aust-Grønland, Island og Dei britiske øyane i vest, vidare gjennom sentrale delar av Fennoskandia, inn i Russland sør for Kvitsjøen og breitt over Sibir til elva Olenjok som har utspring frå Det sentralsibirske platået.[2] Tidlegare var det registrert ein hekkebestand på Bjørnøya.[3] Svartanda og amerikasvartand (M. americana) var rekna som to underartar av same slag fram til ca. 2010 då forsking hadde vist at dei to kan reknast som gode artar.[4]
Førekomst i Noreg
[endre | endre wikiteksten]I Sør-Noreg hekkar svartanda spreidd ved fjellvatn i bjørke- og vierregionen, ofte også lågare nede og ein sjeldan gong ute ved kysten. I Nord-Noreg er der også ein spreidd bestand gjennom alle fylka. I denne landsdelen var truleg fuglen meir vanleg i tidlegare tider. I 2021 blei arten oppgradert frå nær truga til sårbar (VU) på den norske raudlista for artar.[5]
Hekking
[endre | endre wikiteksten]Svartanda kjem til hekkeplassane i april-mai. Dette trekket gjer fuglane helst om kvelden og natta. Reiret vert plassert på turr grunn nær ferskvatn, gjerne i relativt høgt vier- eller einerkratt, ofte inne i bjørkeskog. Dette er lite forseggjort, men etter kvart vert det fylt med dun frå hoa. Hoa legg 6-9 egg i slutten av mai eller i juni. Hannen dreg tidleg frå reirplassen og reiser ut til kysten der han flokkar seg med andre hannar. Hoa ruger i 27-31 døgn. Ungane dreg snart frå reiret og finn tidleg sin eigen mat. Dei vert passa av mora ei tid framover og kan flyge etter 6-7 veker.
Trekktilhøve
[endre | endre wikiteksten]Svartendene dreg ut til kysten for å overvintre i flokkar. Mange av fuglane som held seg på norskekysten om vinteren er komne austfrå. Av den norske hekkebestanden reiser ein del sørover til Danmark.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Sjöorre» frå Wikipedia på svensk, den 3. januar 2011.
- J. Ingar I. Båtvik, 1994, Artsomtale: Melanitta nigra – svartand, S. 96 i: Gjershaug, J. O., Thingstad, P. G., Eldøy, S. & Byrkjeland, S. (red.): Norsk fugleatlas. Norsk Ornitologisk Forening, Klæbu. Henta 26. desember 2021
- Referansar
- ↑ Artsdatabanken Raudliste faktaark svartand Melanitta nigra (Linnaeus, 1758) Henta 4. desember 2010
- ↑ Bordage, D. and J.-P. L. Savard (2020). Black Scoter (Melanitta americana), version 1.0. In Birds of the World (A. F. Poole, Editor). Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.blksco2.01
- ↑ Båtvik, 1994
- ↑ Clements, J. F., T. S. Schulenberg, M. J. Iliff, B.L. Sullivan, and C. L. Wood (september 2012), Updates & Corrections – February 2011, The Clements checklist of birds of the world: Version 6.5 Cornell Lab of Ornithology
- ↑ Dale S, Jacobsen K-O, Lislevand T, Solvang R, Stokke BG og Strøm H (2021, 24. november). Fugler: Vurdering av svartand Melanitta nigra for Norge. Norsk rødliste for arter 2021. Artsdatabanken. Henta 30. desember 2021
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- (no) svartand hos Artsdatabanken
- (en) svartand – oversikt og omtale av artane i WORMS-databasen
- (en) svartand i Encyclopedia of Life
- (en) svartand i Global Biodiversity Information Facility
- (sv) svartand hos Dyntaxa
- (en) svartand hos Fauna Europaea
- (en) svartand hos Fossilworks
- (en) svartand hos ITIS
- (en) svartand hos NCBI
- (en) Kategori:Melanitta nigra – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- (en) Melanitta nigra – galleri av bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons