[go: up one dir, main page]
More Web Proxy on the site http://driver.im/Hopp til innhald

Steve Ditko

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Steve Ditko

Statsborgarskap USA
Fødd 2. november 1927
Johnstown
Død

29. juni 2018 (90 år)
New York by

Yrke teikneserieteiknar, manusforfattar, teiknar, illustratør
Steve Ditko på Commons

Stephen J. «Steve» Ditko (2. november 192729. juni 2018[1]) var ein amerikansk teikneserieteiknar og -forfattar. Han er best kjent for superheltseriane Spider-Man og Doctor Strange, som han skapte saman med Stan Lee for Marvel Comics på 1960-talet.

I 1966 slutta Ditko å jobba for Marvel etter diverse usemjer med Stan Lee. Han ønskte meir kreativ fridom, og fann dette hjå forlaget Charlton. Der oppdaterte han den gamle superhelten Blue Beetle, og skapte nye seriar som Captain Atom og The Question. I The Question og spesielt Mr. A, som han teikna for det sjølvpubliserte heftet «Witzend» til Wally Wood, lét Ditko inspirasjon frå Ayn Rand si tenking skina gjennom.

Ditko skapte fleire andre seriar, som Shade, the Changing Man, The Creeper, Static, Avenging World, Missing Man og The Mocker.

Frå 1960-talet nekta Ditko å la seg intervjua eller fotografera.

  1. Associated Press (6. juli 2018). «Steve Ditko, Spider-Man Co-Creator, Dies at Age 90» (på engelsk). New York Times. Henta 7. juli 2018.