Småsalamander
Småsalamander | |
Småsalamanderhann | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Livskraftig Status i Noreg: Livskraftig[1] Utbreiinga av småsalamander | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Amfibium Amphibia |
Orden: | Salamandrar Caudata |
Familie: | Salamandridae |
Slekt: | Lissotriton |
Art: | Småsalamander L. vulgaris |
Vitskapleg namn | |
Lissotriton vulgaris |
Småsalamander eller liten salamander (Lissotriton vulgaris, tidlegare Triturus vulgaris) er eit amfibium som finst i Noreg frå rundt Oslofjorden og langs kysten til Stavanger. I tillegg finst han i Trøndelag og på Helgeland nord til Vefsn.[2]
Småsalamander kan bli 7–11 cm lang.[3] Dyret er brunt, grått eller svart. Det har mørk strek gjennom auget og raudoransje buk med mørke flekkar.
Salamanderen lever i og ved dammar og tjørn. Liten salamander er ikkje like sterkt knytt til vatn som storsalamander.
Raudlistevurdering
[endre | endre wikiteksten]Det finst mange livskraftige bestandar av småsalamander på Austlandet, Sørlandet og i Midt-Noreg, truleg meir enn 3500. Bestandane går tilbake blant anna som følgje av igjenfylling og drenering av yngledammane, forureining, fiskeutsetjing og endra arealbruk nær ynglelokalitetane. Spesielt i Rogaland[4] og delar av Viken[5] er det mange bestandar som har gått tapt, vidare blir nye bestandar trua av nye utbyggingar. Med bakgrunn i gjennomgang av Norge i Bilder er anslått tap av ynglelokalitetar litt mindre enn for storsalamanderen som ligg på ca. 0,5–0,7% per år (2016).[6]
Småsalamanderen greier seg lengre i dammar som får redusert storleik på grunn av igjengroing, drenering eller delvis utfylling, enn storsalamanderen. Som følgje av kortare generasjonslengde og fleire bestandar enn storsalamander, blir bestandane vurderte av småsalamanderen derfor å vera livskraftige (LC).
Bestandane er likevel i tilbakegang og bør følgjast nøye.[1]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 Dervo B, Strøm BS og van der Kooij J (24. november 2021). «Amfibier og reptiler: Vurdering av småsalamander Lissotriton vulgaris for Norge. Norsk rødliste for arter 2021.». Artsdatabanken. Henta 10. mars 2022.
- ↑ «Artsdatabankens artsopplysningar». Artsdatabanken. 10. mars 2022. Henta 10. mars 2022.
- ↑ «Småsalamander» (på norsk bokmål). Miljødirektoratet. Henta 19. mars 2023.
- ↑ Oddane pers. med.
- ↑ Gregersen pers. med.
- ↑ Dervo, B.K., Pedersen, C. og Bærum, K.M. (2016). Tap av ynglelokaliteter for storsalamander i Norge. NINA Rapport 1014: 21 s.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Norsk zoologisk forening om småsalamander Arkivert 2006-05-15 ved Wayback Machine.
- (no) småsalamander hos Artsdatabanken
- (en) småsalamander i Encyclopedia of Life
- (en) småsalamander i Global Biodiversity Information Facility
- (sv) småsalamander hos Dyntaxa
- (en) småsalamander hos ITIS
- (en) småsalamander hos NCBI
- (en) Kategori:Lissotriton vulgaris – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- (en) Lissotriton vulgaris – galleri av bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- Lissotriton vulgaris – detaljert informasjon på Wikispecies