Nidelva
- For elva i Agder, sjå Nidelva i Agder.
Nidelva | |||
elv | |||
Nidelva i Trondheim. Tatt frå Bakke bru mot Gamle Bybru
| |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Trøndelag | ||
Renn gjennom | Tiller, Leirfossene, Stavne, Trondheim sentrum | ||
Lengd | 30 km | ||
Kjelde | Selbusjøen ved Brøttem i Klæbu | ||
Munning | Trondheimsfjorden ved Brattøra i Trondheim | ||
Nidelva 63°15′28″N 10°31′41″E / 63.257738°N 10.527992°E | |||
Wikimedia Commons: Nidelva, Trøndelag |
Nidelva er ei 30 km lang elv i Trøndelag fylke. Ho har utspringet sitt ved Bjørsjøen like nedanfor Selbusjøen ved Brøttem i Klæbu kommune. Ved Hyttfossen ligg Hyttfossen dam som regulerer Selbusjøen. Nedanfor Hyttfossen ligg Løkaunet kraftstasjon, og elva renn vidare forbi Svean kraftstasjon. Lengre mot nord i Klæbu ligg Fjæremsfossen dam og kraftstasjon. Frå der renn ho nordover forbi Tiller til Leirfossene der det er to vasskraftverk. Vidare har ho eit svingete (meandrerande) løp forbi Stavne og gjennom Trondheim sentrum. Ho munnar ut i Trondheimsfjorden ved Brattøra (nær Trondheim sentralstasjon).
Nidelva er nedste del av Nea-Nidelvvassdraget.
Fiske
[endre | endre wikiteksten]Næringsproduksjon for fisk er stor og dette gir tildels stor fisk av god kvalitet. I den øvste delen av Nidelva er det auren som dominerer, og mellom Nedre- og Øvre Leirfoss er det førebels fritt fiske[1]. Dei nedste åtte kilometrane av Nidelva er lakseførande. Den lakseførande strekninga går gjennom Trondheim sentrum opp til Nedre Leirfoss. Nidelva har ein storvaksen laksestamme, og nesten kvart år blir det fanga laks på over 20 kg. Rekordlaksen er frå 1954 og var på 31,8 kg. Fangstane er også gode, årleg vert det fanga mellom tre og ti tonn laks[2].
-
Øvre Leirfoss av John William Edy, 1800
-
Vald 8, Fossumhølen
-
Tømmerfløyting i Nidelva ca. 1910-1915
Foto: Trondheim byarkiv
-
Bryggene i Nidelva på 1950-talet
Foto: Trondheim byarkiv
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Nidelven Stille Og Vakker Du Er Arkivert 2011-07-17 ved Wayback Machine.
- Utløpet av Nidelva
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Trondheim og omegn fiskeadministrasjon, Nidelva-innlandsfiskedelen, arkivert frå originalen 24. mai 2009, henta 20. mai 2010
- ↑ Trondheim og omegn fiskeadministrasjon, Nidelva-laksefiske, arkivert frå originalen 16. juni 2012, henta 20. mai 2010