The Notting Hillbillies
Utsjånad
(Omdirigert frå Notting Hillbillies)
The Notting Hillbillies | |||
Mark Knopfler og The Notting Hillbillies | |||
Aktiv | 1990-1993, 1997, 2002 | ||
---|---|---|---|
Sjanger | Countryrock, blues, americana | ||
Tilknytte artistar | Dire Straits | ||
Plateselskap | Vertigo (UK) Warner Bros. (US) |
The Notting Hillbillies var eit countryrockprosjekt danna av Steve Phillips og Brendan Croker med Mark Knopfler, som då var sologitarist og songar i Dire Straits, og bandkollegaen til Knopfler Guy Fletcher. Dei gav berre ut eitt album, Missing...Presumed Having a Good Time, gjeve ut på Vertigo i Storbritannia (Warner Bros. i USA) i 1990. The Notting Hillbillies har kome saman att fleire gonger for konsertar. I mai 1997 heldt the Hillbillies 11 konsertar i Storbritannia.
Bandmedlemmar
[endre | endre wikiteksten]- Mark Knopfler: gitar, vokal
- Guy Fletcher: klaverinstrument, vokal
- Steve Phillips: gitar, vokal
- Brendan Croker: gitar, vokal
- Ed Bicknell: trommer - erstatta av Danny Cummings for dei fire konsertane i 2002
- Marcus Cliffe: bass
- Chris White: saksofon
- Paul Franklin: pedalsteelgitar (studioalbum og turneen i 1990)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «The Notting Hillbillies» frå Wikipedia på engelsk, den 13. januar 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: