Muslingkreps
Muslingkreps | |
Stormuslingkreps (Herpetocypris reptans) Foto: Markus Lindholm, Anders Hobæk/Norsk institutt for vassforsking
| |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Leddyr Arthropoda |
Underrekkje: | Krepsdyr Crustacea |
Klasse: | Muslingkreps Ostracoda Latreille, 1802 |
Muslingkreps (Ostracoda) er ei samling småe krepsdyr som lever både i havet og i ferskvatn. Namnet har dei fått frå forma deira, som er so lik på muslingar at dei kan forvekslast utan nærare undersøkingar. Til liks med muslingar har muslingkreps eit todelt kalsifisert skal som kan lukkast ved hjelp av eit kippe tverrgåande musklar og eit hengselsystem på ryggsida. Anatomien er derimot tydeleg frå eit sant krepsdyr, med både bein, munndelar og fleire andre organ som lett kan relaterast til hummar, krabbar og kreps.
13 000 artar muslingkreps er estimerte eller kjende frå saltvatn, medan 2 000 artar er estimerte å finnast i ferskvatn. I Noreg er 232 artar registrerte og 250 artar er estimerte å leva her totalt (per juli 2016 eller tidlegare).
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen nyttar som kjelde og kan innehalda tekst og formuleringar frå artikkelen Muslingkreps - Ostracoda skriven av Markus Lindholm. Artikkelen vart utgjeven av Norsk institutt for vassforskning under lisensen CC BY 3.0. Henta 10. juli 2016.