Lukas Podolski
Personleg informasjon | |||
---|---|---|---|
Fødd | 4. juni 1985 (39 år) | ||
Fødestad | Gliwice i Polen | ||
Høgd | 182 cm | ||
Posisjon | Spiss, ving | ||
Klubbinformasjon | |||
Noverande lag | Arsenal | ||
Nummer | 9 | ||
Ungdomsklubbar | |||
1991-95 1995-2003 |
FC Jugend 07 Bergheim Köln | ||
Seniorkarriere* | |||
År | Lag | Kampar (Mål) | |
2003-06 2006-09 2009-12 2012- |
Köln Bayern München Köln Arsenal |
81 (46) 71 (15) 88 (33) 53 (19) | |
Landslag | |||
2004 2004- |
Tyskland U21 Tyskland |
5 (0) 114 (47) | |
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 11. mai 2014 ‡ Landslagsmål oppdatert 6. juni 2014 |
Lukas Podolski, fødd som Łukasz Podolski, (fødd 4. juni 1985 i Gliwice i Śląsk) er ein polsk-tysk fotballspelar som i 2014 spela for Arsenal i engelsk Premier League, og for det tyske landslaget.
Podolski vart fødd i Polen. Mora var polsk landslagsspelar i handball og faren var profesjonell fotballspelar. Podolski og familien hans emigrerte til Vest-Tyskland i 1987, der dei fekk opphald fordi faren var etnisk tysk. Han har framleis polsk statsborgarskap, men tysk pass.
Podolski spelte for Bayern München frå 2006 til 2009 og var med på å vinna Bundesliga med dei i 2008. I 2009 vende han attende til den første proffklubben sin, Köln, før han drog til England i 2012. I 2014 var han med på å vinna FA-cupen med Arsenal
Klose debuterte for det tyske A-landslaget 6. juni 2004 mot Ungarn. Han var Tyskland sin yngste spelar under fotball-EM i 2004, der han kom inn som innbytar i éin kamp. I fotball-VM i 2006 vart han kåra til beste unge spelar i meisterskapen.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]
- Einskildmenn
- Fødde i 1985
- Tyske fotballspelarar
- Polske fotballspelarar
- Köln-spelarar
- Bayern München-spelarar
- Arsenal-spelarar
- Spelarar i Fotball-EM 2004
- Spelarar i Fotball-VM 2006
- Spelarar i Fotball-EM 2008
- Spelarar i Fotball-VM 2010
- Spelarar i Fotball-EM 2012
- Spelarar i Fotball-VM 2014
- Spelarar i Fotball-EM 2016