[go: up one dir, main page]
More Web Proxy on the site http://driver.im/Hopp til innhald

Landsorganisasjonen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Landsorganisasjonen

Landsorganisasjonen held til i Folkets HusYoungstorget i Oslo.
TypeHovudsamanslutning av 24 fagforbund
Skipa1.april 1899 som Arbeidernes faglige landsorganisasjon
HovudkontorYougsgate 11, Oslo
LeiarPeggy Hessen Følsvik
Medlemmer897 740 (i 2013)
Lokale leddDistriktskontor i alle fylke
Internasjonal tilknytingITUC
Nettstadwww.lo.no/

Landsorganisasjonen (LO) er den største hovudsamanslutninga av fagforbund i Noreg. Desse fagforbunda omfattar igjen ei rad fagforeiningar. I LO-familien er det 24 fagforbund, som til saman har over 900 000 medlemmer.

Medlemskap i LO er ope for alle, same kva politisk syn dei har, men historisk er LO ein del av den sosialistiske arbeidarrørsla og har eit politisk program basert på sosialdemokratiske tankar.

Gjennom den industrielle revolusjonen1800-talet vart det skapt ei heilt ny samfunnsklasse; arbeidarklassa. Denne hadde i byrjinga få eller ingen rettar, og etter kvart vart trongen til organisering sterkare for å rette på dette. I 1870-åra såg dei første fagforeiningane dagens lys. LO vart stifta den 1. april 1899 under namnet «Arbeidernes faglige landsorganisasjon», som i 1957 endra namn til Landsorganisasjonen i Norge.

Dei første åra var dei viktigaste krava til fagrørsla 8 timars normalarbeidsdag og aksept av organisasjonsretten og retten til kollektive tariffavtalar. Ikkje før Hovudavtalen kom i 1935, samtidig med at Johan Nygaardsvold skipa den første varige regjeringa utgått av DNA, vart det ordna tilhøve i heile arbeidslivet, der rettane og pliktene til motpartane vart slegne fast.

LO har alltid hatt sterke band til Arbeidarpartiet, tidlegare blant anna gjennom at fagforeiningar hadde kollektive medlemskap i DNA. Sjølv om dei formelle banda har blitt svakare har LO og AP framleis tette band, for eksempel ved LOs valkampbidrag og representasjon i AP sitt sentralstyre. Dette har blitt kritisert frå fleire hald.[treng kjelde]

Organisering

[endre | endre wikiteksten]
LO-ballongar under Oslo Pride 2015

LO er ei hovudsamanslutning av ei rad fagforbund. Fagforbunda omfattar gjerne ei eller fleire yrkesgrupper; eit døme på dette er Hotell- og restaurantarbeidarforbundet. Enkelte fagforbund omfattar fleire yrke, til dømes Handel og Kontor i Noreg.

På den einskilde arbeidsplassen er arbeidstakarane organisert i klubbar, som i eit geografisk avgrensa område til saman utgjer ei fagforeining, og desse fagforeiningane er igjen medlem av dei landsomfattande fagforbunda. I alt er 21 ulike fagforbund tilslutta hovudsamanslutninga LO (sjå liste).

LO sine 860 000 medlemmar tilsvarer 35 % av lønnstakarane i landet. Avgjerdsorgana i LO-systemet består av Kongressen som møtest kvart fjerde år, representantskapet som møtest normalt to gonger årleg og sekretariatet som vanlegvis møtest kvar måndag. LO si valde leiing består av seks personar. Desse opptrer på vegne av organisasjonen og medlemmene i kontakt med arbeidsgjevarane og styresmaktene.

Gerd-Liv Valla vart vald til den første kvinnelege leiaren av organisasjonen på LO-kongressen i 2001, og vart gjenvald på kongressen i mai 2005. Ho trekte seg 9. mars 2007 etter granskinga av Yssen-saka. Nestleiar Roar Flåthen vart konstituert leiar, og seinare vald til ny leiar. Etter at Flåthen gjekk av i 2013, vart Gerd Kristiansen vald til ny leiar. I 2017 vart Hans-Christian Gabrielsen ny leiar.

Medlemsforbund pr. juli 2011

[endre | endre wikiteksten]

LO-leiarar

[endre | endre wikiteksten]

Under den andre verdskrigen gjekk Landsorganisasjonen i illegalitet. Leiarar for det «legale» LO, den delen av organisasjonen som aksepterte samarbeid med okkupasjonsmakta, var:

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]