[go: up one dir, main page]
More Web Proxy on the site http://driver.im/Hopp til innhald

Lárnaka

Koordinatar: 34°55′N 33°38′E / 34.917°N 33.633°E / 34.917; 33.633
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lárnaka
Λάρνακα
Larnaka
Frå hamnepromenaden i Lárnaka
Frå hamnepromenaden i Lárnaka
Frå hamnepromenaden i Lárnaka
Styresmakter
Land
Distrikt
 Kypros
Lárnaka
Geografi
Flatevidd 31,73 km²
Innbyggjarar[1]
 - By (2011)

51 468
Koordinatar 34°55′N 33°38′E / 34.917°N 33.633°E / 34.917; 33.633
Høgd over havet 26 m
Tidssone
- Ved sommartid
UTC+2, UTC+03.00 (UTC)
UTC+03.00 (UTC)
Diverse anna
Heimeside: http://www.larnaka.com/
Nettstad: www.larnaka.com
Plassering
Lárnaka i distriktet Lárnaka
Lárnaka i distriktet Lárnaka
Lárnaka i distriktet Lárnaka

Lárnaka (gresk Λάρνακα, tyrkisk Larnaka) er ein by på Kypros og ein kommune i distriktet LárnakaKypros.[2]

Lárnaka har den nest største hamna på øya og er ein viktig turistby. Nord for byen ligg øya sitt oljeraffineri, medan Lárnaka internasjonale flyplass ligg sør for byen. Byen Lárnaka er kjend for den vakre strandpromenaden med rekkjer av palmar. Her skjer fleire av dei store festivalane i byen. Den mest kjende av desse er Kataklysmos, eller Flaumfestivalen, som vert feira tidleg på sommaren med ei rekkje kulturhendingar.

Ved folketeljinga i 2011 hadde kommunen 51 468 innbyggjarar, fordelt på desse bydelane:[1]

Kart bydelar

[endre | endre wikiteksten]

Storbyområde

[endre | endre wikiteksten]

Storbyområdet til Lárnaka omfattar kommunane Lárnaka, Aradíppou, Livádia og Dromolaxiá-Meneoú med til saman 84 591 innbyggjarar.[3]

Kart storbyområde

[endre | endre wikiteksten]
Kommunar i storbyområdet
Kommunar i storbyområdet
Lárnaka

I antikken vart Lárnaka kalla Kition (latin Citium). Det bibelske namnet Kittim, som kjem av Citium, vart ofte brukt om heile Kypros, og stundom av hebrearane om grekarane og romarane.

Den vidkjende stoiske filosofen Zeno frå Citium stamma frå byen. Det vert sagt at han byrja den stoiske filosoferinga etter at han hadde mista alt han eigde i eit skipsforlis.

Ein vidkjend athensk general, Kimon, omkom til havs då han forsvarte byen i eit stort slag mot persarane frå Xerxes. På dødsleiet bad han innstendig om å halde dødsfallet hans skjult for både allierte og persarar. Sitatet «Και Νεκρος Ενικα» («Sjølv i døden var han sigrande») referer til Kimon. Ein statue av «Kimon Athenaren» står på strandpromenaden i det moderne Lárnaka.

Som andre byar på Kypros vert byen stundom råka av jordskjelv, og i mellomalderen då hamna vart fylt med slam (eit teikn på avskoging og overbeiting) flytta folkesetnaden til Lárnaka, som låg litt lenger sør. Den gamle hamna og festninga har i dag forsvunne. Det finst framleis spor etter dei gamle festningsmurane og heilagdomane.

Referansar

[endre | endre wikiteksten]
  1. 1,0 1,1 «Folketeljing Kypros 2011» (på engelsk). CYSTAT. Arkivert frå originalen 17. september 2023. Henta 17. september 2023. 
  2. «Municipalities» (på engelsk). Union of Cyprus Municipalities – Unionen av kypriotiske kommunar. Arkivert frå originalen 29. januar 2023. Henta 17. september 2023. 
  3. «Demopgraphics» (på engelsk). MedCities. Arkivert frå originalen 20. januar 2021. Henta 20. september 2023.