Jump They Say
Jump They Say Singel av David Bowie frå albumet Black Tie White Noise | ||
B-side |
«Pallas Athena» (Don't Stop Praying Mix) | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 15. mars 1993 | |
Innspelt | 38 Fresh (originalinnspeling), Los Angeles; Mountain Studios, Montreux; Hit Factory, New York City, juni og juli 1992 | |
Sjanger | Progressiv house[1] | |
Lengd | 4:22 (album) 3:53 (radio) | |
Selskap | Arista 74321 139424 | |
Tekstforfattar | David Bowie | |
Låtskrivar(ar) | David Bowie | |
Produsent | Nile Rodgers | |
David Bowie-kronologi | ||
«Real Cool World» (1992) |
Jump They Say | «Black Tie White Noise» (1993)
|
«Jump They Say» er ein song av den engelske musikaren David Bowie frå albumet hans Black Tie White Noise frå 1993. Songen vart gjeven ut som den første singelen frå albumet i mars 1993. Bowie turnerte ikkje etter Black Tie White Noise-albumet, men songen vart framført på Outside-turneen i 1995-96 og gjeven ut på konsertalbumet No Trendy Réchauffé (Live Birmingham 95) (2020).
Bakgrunn og stil
[endre | endre wikiteksten]Songen omhandla kjenslene til Bowie for den schizofrene halvbroren hans, Terry, som tok sjølvmord den 16. januar 1985 då han hoppa øre eit tog på Coulsdon South jernbanestasjon, etter å ha vore innlagt på Cane Hill Hospital.[2][3] Teksten fortel om ein mann pressa til fullstendig desperasjon av presset som vert lagt på han. Bowie har òg snakka om sine eigne kjensler om å hoppe inn i det ukjende metafysisk sett. Musikalsk førte påverknaden til Nile Rodgers til ein funk-aktig stil, sjølv om songen òg syner innverknad frå samtidig jazz, med ein solo frå avant-jazz-trompetisten Lester Bowie.
Marknadsføring
[endre | endre wikiteksten]Som den første singelen frå albumet vart «Jump They Say» kraftig marknadsført av det nye selskapet til Bowie, Savage Records (via Arista Records i Europa). Ein påfallande musikkvideo vart laga av Mark Romanek, som synte Bowie som ein forretningsmann som vert paranoid av kollegaene sine, som tilsynelatande utfører eksperiment på han og tvinger han til å hoppe frå taket av bygningen til selskapet. Videoen var kraftig påverka av Jean-Luc Godard-filmen Alphaville frå 1965, i tillegg til Chris Marker-filmen La jetée og Orson Welles-filmen The Trial - begge frå 1962. Den uniformerte kvinna som overvaker Bowie gjennom teleskop er ein hyllest til flyvertinna på Pan-Am-romflyet i Stanley Kubrick-filmen 2001: A Space Odyssey frå 1968. Videoen vart hylla av Entertainment Weekly etter Bowie døydde i 2016 og sa «Bowie er ein glimrande skodespelar, og denne videoen er kanskje den beste skodespelarprestasjonen hans i ein musikkvideo.»[4]
Sjølv om songen ikkje var den første Bowie gav ut etter Tin Machine, vart han marknadsført som eit comeback og nådde niandeplassen i Storbritannia, den einaste Topp 10-singelen hans mellom «Absolute Beginners» i 1986 og «Where Are We Now?» i 2013.
Mottaking
[endre | endre wikiteksten]Quentin Harrison frå Albumism skreiv at «den romantiske energien» frå ekteskapet til Bowie med Iman «sette eit hopp i det soniske trinnet på nokre av dei mørkarane songane på albumet», som «Jump They Say». Han la til at songen lyrisk sett «engasjerer seg i dei personlege konfliktane som betyr noko for Bowie.»[5] Stephen Thomas Erlewine frå AllMusic skreiv om «det paranoide virvaret» i songen, og omtalte han som eit av «augneblikka» på albumet, som «er det første på lang tid som kjennest som klassisk Bowie».[6] Larry Flick frå Billboard skreiv, «Å kikke inn i det første soloalbumet til Bowie på eit eon er ein kinetisk pop/funk-kamp. Den makelause stemma vaklar over ein gjeng med urolege gitarar, vridande rytmar og skakande horn. Det nye samarbeidet med Let's Dance-produsenten Nile Rodgers har potensial til å møte liknande topp 40-suksess, sjølv om innovative parti med remiksar allereie er i ferd med å bli ein klubbfavoritt her og i utlandet. Ein hjarteleg velkommen tilbakekomst.»[7] Alan Jones frå Music Week skildra albumet som «Eit typisk teatralsk tilbakeblikk på glansdagane hans.» Han la til «Klubbgjengarar vil glede seg over Brothers In Rhythm/Leftfield-miksane som dreg han til dansegolvet.»[8] James Hamilton frå magasinet RM nemnte «den dronande adenoidale vokalen hans».[9] Reading Evening Post sa at songen er «overraskande god».[10]
Innhald
[endre | endre wikiteksten]
|
A1. «Jump They Say» (Brothers in Rhythm mix) – 8:24 |
Konsertopptak
[endre | endre wikiteksten]Bowie framførte songen på Arsenio Hall Show i mai 1993 og spelte han stundom på Outside-turneen i 1995–96.[11] Eit konsertopptak av songen kom ut på konsertalbumet No Trendy Réchauffé (Live Birmingham 95) (2020).
Andre utgjevingar
[endre | endre wikiteksten]- Radio-versjonen kom ut på somme utgåver av samleplatene Bowie: The Singles 1969-1993 (1993), Best of Bowie (2002), Nothing Has Changed (2014) og Bowie Legacy (2016).
- Leftfield 12" vocal mix vart gjeven ut på den britiske utgåva av singelen «Little Wonder» i januar 1997 som kom i begrensa opplag.
- «JAE-E edit» (kalla «alternate mix») vart gjeven ut som bonusspor på CD-utgåva av Black Tie White Noise.
- På bonusplata som følgde 2003-utgåva av Black Tie White Noise, er det med tre remiksar av «Jump They Say»: «Rock Mix», «Brothers in Rhythm 12" Remix» og «Dub Oddity».
Salslister
[endre | endre wikiteksten]Liste (1993) | Plassering |
---|---|
Australia (ARIA)[12] | 53 |
Belgia (Ultratop 50 Flandern)[13] | 24 |
Canada Top Singles (RPM)[14] | 26 |
Danmark (IFPI)[15] | 9 |
Europ (Eurochart Hot 100)[16] | 19 |
Finland (Suomen virallinen lista)[17] | 19 |
Tyskland (Media Control AG)[18] | 43 |
Irland (IRMA)[19] | 12 |
Nederland (Nederlandsk Topp 40)[20] | 17 |
Nederland (Mega Single Top 100)[21] | 24 |
New Zealand (RIANZ)[22] | 15 |
Noreg (VG-lista)[23] | 7 |
Portugal (AFP)[24] | 7 |
Spania (AFYVE)[25] | 9 |
Sverige (Sverigetopplistan)[26] | 23 |
Sveits (Schweizer Hitparade)[27] | 40 |
UK Singles (Official Charts Company)[28] | 9 |
UK Dance Singles (Music Week)[29] | 4 |
US Alternative Songs (Billboard)[30] | 4 |
US Hot Dance Club Songs (Billboard)[31] | 6 |
US Hot Dance Singles Sales (Billboard)[32] | 9 |
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]- Produsentar:
- Musikarar:
- David Bowie – solovokal, saksofon
- Nile Rodgers – gitar, tromme-loopar
- Barry Campbell – bassgitar
- Richard Hilton – klaverinstrument
- Lester Bowie – trompet
Andre versjonar
[endre | endre wikiteksten]- Death to the Legion - Ashes to Ashes: A Tribute to David Bowie (1998)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Jump They Say» frå Wikipedia på engelsk, den 13. september 2021.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Pegg, Nicholas, The Complete David Bowie, Reynolds & Hearn Ltd, 2000, ISBN 1-903111-14-5
- ↑ https://www.discogs.com/David-Bowie-Jump-They-Say/release/216959
- ↑ O'Leary, Chris (12. februar 2019). Ashes to Ashes: The Songs of David Bowie, 1976-2016. Storbritannia: Repeater Books (Watkins Media). ISBN 9781912248308.
- ↑ Pegg, Nicholas. The Complete David Bowie. s. 120.
- ↑ Anderson, Kyle (12. september 2021). «David Bowie's 20 best music videos». Entertainment Weekly. Arkivert frå originalen 25. januar 2021. Henta 7. september 2021.
- ↑ Harrison, Quentin (6. desember 2017). «LEST WE FORGET: Revisiting David Bowie's 1993 Album 'Black Tie White Noise'». Albumism. Henta 13. september 2021.
- ↑ Erlewine, Stephen Thomas. «David Bowie – Black Tie White Noise». AllMusic. Henta 13. september 2021.
- ↑ Flick, Larry (27. mars 1993). «Single Reviews» (PDF). Billboard: 82. Henta 13. september 2021.
- ↑ Jones, Alan (20. mars 1993). «Market Preview: Mainstream - Singles - Pick of the Week» (PDF). Music Week: 6. Henta 24. mars 2021.
- ↑ Hamilton, James (13. mars 1993). «Djdirectory» (PDF). Music Week, in Record Mirror (Dance Update Supplemental Insert): 7. Henta 24. mars 2021.
- ↑ Reading Evening Post. 18. mars 1993. p. 23. Henta 13. september 2021.
- ↑ O'Leary, Chris (2019). Ashes to Ashes The Songs of David Bowie 1976–2016. Repeater Books. ISBN 9781912248308.
- ↑ Ryan, Gavin (2011). Australia's Music Charts 1988-2010. Mt. Martha, VIC, Australia: Moonlight Publishing.
- ↑ "Ultratop.be – David Bowie – Jump They Say" (på nederlandsk). Ultratop 50. Ultratop & Hung Medien / hitparade.ch.
- ↑ "RPM Top Singles." RPM. Library and Archives Canada.
- ↑ «Top 10 Sales in Europe» (PDF). Music & Media 10 (17): 24. 24. april 1993. Henta 13. september 2021.
- ↑ «Eurochart Hot 100 Singles» (PDF). Music & Media 10 (14): 19. 3. april 1993. Henta 13. september 2021.
- ↑ Pennanen, Timo (2006). Sisältää hitin – levyt ja esittäjät Suomen musiikkilistoilla vuodesta 1972 (på finsk). Helsinki: Kustannusosakeyhtiö Otava.
- ↑ "Die ganze Musik im Internet: Charts, News, Neuerscheinungen, Tickets, Genres, Genresuche, Genrelexikon, Künstler-Suche, Musik-Suche, Track-Suche, Ticket-Suche – musicline.de" (på tysk). Media Control Charts. PhonoNet GmbH.
- ↑ "The Irish Charts – Search Results – Jump They Say". Irish Singles Chart.
- ↑ "Nederlandse Top 40 – week 17, 1993" (på nederlandsk). Nederlandsk Topp 40 Stichting Nederlandse Top 40.
- ↑ "Dutchcharts.nl – David Bowie – Jump They Say" (på nederlandsk). Mega Single Top 100. Hung Medien / hitparade.ch.
- ↑ "Charts.org.nz – David Bowie – Jump They Say". Top 40 Singles. Hung Medien.
- ↑ "Norwegiancharts.com – David Bowie – Jump They Say". VG-lista. Hung Medien.
- ↑ «Top 10 Sales in Europe» (PDF). Music & Media 10 (14): 20. 3. april 1993. Henta 30. oktober 2020.
- ↑ Salaverri, Fernando (September 2005). Sólo éxitos: año a año, 1959–2002 (1st utg.). Spain: Fundación Autor-SGAE. ISBN 84-8048-639-2.
- ↑ "Swedishcharts.com – David Bowie – Jump They Say". Topp 60. Hung Medien.
- ↑ "David Bowie – Jump They Say – swisscharts.com". Den sveitsiske singellista. Hung Medien.
- ↑ "Archive Chart" UK Singles Chart. Official Charts Company.
- ↑ «Top 60 Dance Singles» (PDF). Music Week: 28. 27. mars 1993. Henta 9. april 2021.
- ↑ "Bowie?f=377&g=Singles David Bowie Album & Song Chart History" Billboard Alternative Songs for David Bowie. Prometheus Global Media.
- ↑ "Bowie?f=359&g=Singles David Bowie Album & Song Chart History" Billboard Hot Dance/Club Play for David Bowie. Prometheus Global Media.
- ↑ «David Bowie Chart History (Dance Singles Sales)». Billboard. Henta 13. september 2021.