Jan Lindvall
Jan Lindvall | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 18. mars 1950 (74 år) Kåfjord kommune |
Idrett | langrenn |
Tok del i | Vinter-OL 1984, Ski-VM 1982 |
Jan Petter Lindvall (fødd 18. mars 1950 i Kåfjord) er ein tidlegare norsk langrennsløpar. Han var mellom dei beste i norsk langrenn i perioden 1978 til 1984. Hans største prestasjon kom i 1982 då han vann femmila i verdscupen i Kavgolovo i dåverande Sovjetunionen (Russland). Lindvall vart noregsmeister tre gongar; to gull i 1982 og eit i 1984. Frå NM elles har han tre sølvmedaljar og tre bronsemedaljar.
Lindvall er i dag brannmann i Tromsø og har elles arbeidd som seljar for skimerket Fischer og skiutstyrsprodusenten Swix.
Langrennaren
[endre | endre wikiteksten]Lindvall voks opp i bygda Olderdalen i Kåfjord kommune i Troms. 17 år gammal flytta han til Tromsø og melde seg inn i Tromsdalen Ungdoms- og Idrettslag. 27 år gamal vart han nordnorsk meister for første gong, medlem i Nordreisa Idrrettslag.
Fyrst i 1978-sesongen vart Lindvall lagt merke til på nasjonalt nivå. Han gjekk då gode løp på alle NM-distansane, med ein sjetteplass og to sjuandeplassar. Etter dette fekk han plass i landslagstroppen.
Han vart utteken til troppen til OL i Lake Placid i 1980, utan å få tevle. Under VM 1982 i Oslo vart han sjuk. Han deltok berre på femmila, den siste distansen i meisterskapet, og gjekk inn til ellevte plass. OL i Sarajevo i 1984 vart hans siste internasjonale meisterskap som aktiv løpar. Han kom der på femteplass på femmila.
Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn
[endre | endre wikiteksten]- 1978: Nr 9 på femmila i Holmenkollen
- 1979: Nr 5 på femmila i Holmenkollen
- 1980: Vinnar av 50 km i Lahti, nr 3 på femmila i Holmenkollen
- 1981: Nr 4 på femmila i Holmenkollen
- 1982: Nr 2 på 50 km og nr 3 på 15 km i Lahti
- 1983: Nr 3 på 30 km i Falun
- 1984: Nr 3 på 30 km i Falun
Medaljar og besteplasseringar i norgesmeisterskap
[endre | endre wikiteksten]- Ski-NM 1978: Nr 6 på 15 km, Konnerud
- Ski-NM 1979: Sølv på 15 km og bronse på 30 km, Steinkjer
- Ski-NM 1980: Nr 7 på 15 km, Asker
- Ski-NM 1981: Sølv på 30 km, Eidsvoll
- Ski-NM 1982: Gullmedaljar på 15 km og 30 km, Raufoss
- Ski-NM 1983: Sølvmedalje på 30 km og bronsemedalje på både 15 km og 50 på Lillehammer
- Ski-NM 1984: Gullmedalje på 30 km, Hof
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Bokmålswikipedia
- Sportsboken, aktuelle årgangar
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- FIS-SKI Jan Lindvall Arkivert 2011-05-26 ved Wayback Machine. - Offisiell internasjonal statistikk