[go: up one dir, main page]
More Web Proxy on the site http://driver.im/Hopp til innhald

Henrik Straumsheim

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Henrik Straumsheim
Statsborgarskap Noreg
Fødd 8. februar 1893
Død

26. juli 1975 (82 år)

Yrke lyrikar

Henrik Straumsheim (8. februar 189326. juli 1975) var ein norsk diktar. Han vart fødd i Sykkylven, og budde seinare i Ørsta, der han var lærar og styrar ved Møre Folkehøgskule. I Sykkylven har diktet «Heimbygda» («Eg veit ei bygd») med melodi av Bjarne Eidsvig status som «sykkylvssongen». Diktet «Ut mot havet» er tonesett av Edvard Fliflet Bræin.

Straumsheim var aktiv i Noregs Ungdomslag, og arbeidde også for målsaka. I 1970 vart han heidersmedlem i Noregs Mållag.[1]

Han fekk Kongens fortenestmedalje i gull i 1960.

  • 1917 - Stølshelg: gaman i to vendingar
  • 1922 - Helgarkvede
  • 1931 - Fjordlandet, dikt
  • 1963 - Morgonlandet, dikt
  • 1981 - Ro stilt langsmed landet : utvalde dikt
  1. Ivar Grøvik (1981). «Henrik Straumsheim 1893 - 1975». Ro stilt langsmed landet. Oslo: Noregs Boklag. s. 110. ISBN 8252204880.