[go: up one dir, main page]
More Web Proxy on the site http://driver.im/Hopp til innhald

Hong Yong-Jo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hong Yong-Jo
Personleg informasjon
Fullt namn 홍영조
Hong Yong-Jo
Fødd 22. mai 1982
Fødestad Pyongyang i Nord-Korea
Høgd 175 cm
Posisjon Angrepsspelar
Klubbinformasjon
Noverande lag
Rostov
Nummer 21
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
2004-07
2007-08
2008-
Nord-Korea 25. april
Bežanija
Rostov
-
7 (1)
30 (3)
Landslag
2005- Nord-Korea Nord-Korea 41 (11)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 22. november 2009
‡ Landslagsmål oppdatert 1. februar 2010

Hong Yong-Jo (fødd 22. mai 1982 i Pyongyang) er ein nordkoreansk fotballspelar som har spelt i angrep for Rostov i den russiske fotballigaen, og for det nordkoreanske landslaget. Hong spelte for Sportsgruppa 25. april, klubben til den nordkoreanske hæren, fram til 2007, då han som ein av få nordkoreanske spelarar fekk reisa utanlands for å spela profesjonell fotball. Han drog til klubben Bežanija i Beograd, som rykte ned frå den serbiske 1. divisjonen same året. Derfrå drog han vidare til Rostov, der han var med på å vinna opprykk til russisk 1. divisjon.