[go: up one dir, main page]
More Web Proxy on the site http://driver.im/Hopp til innhald

Krykkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Krykkje
Krykkje
Krykkje
Utbreiing og status
Status i verda: VU Sårbar
Status i Noreg: EN Sterkt truga[1]Utbreiinga av krykkje
Utbreiinga av krykkje
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Vade-, måse- og alkefuglar Charadriiformes
Familie: Måsefamilien Laridae
Slekt: Krykkjer Rissa
Art: Krykkje R. tridactyla
Vitskapleg namn
Rissa tridactyla

Krykkje (Rissa tridactyla) er ein fugl i måsefamilien. Krykkje vert ogso kalla for tretåmåse. Arten er kategorisert som globalt sårbar og sterkt truga i Noreg.

Kjenneteikn

[endre | endre wikiteksten]

Dei vaksne fuglane har grå overside, medan resten av kroppen er kvit. Beina er svarte, med symjeføter, men vantar baktå. Dei har svarte vengespissar. Kjønna er like. Ungfugl har ei gråspragla fjørdrakt, men dei karakteristiske svarte vengespissane er der. Krykkja er om lag jamstor med fiskemåsen, 350 gram og 40 cm lang.

Krykkja finst frå Rogaland og nord til grensa mot Russland. Ho er knytt til sjøen og er eit sjeldan syn i innlandet.[2]

Fuglen hekkar i koloniar i bratte fjellveggar (fuglefjell), ofte saman med alker og anna sjøfugl. Utanfor hekketida held krykkja seg berre til havs, der ho livnærer seg på små marine dyr og fisk.

Sidan år 2010 har krykkje vore ført opp i kategorien sterkt truga (EN) på norsk raudliste for artar.[1]

  1. 1,0 1,1 Stokke BG, Dale S, Lislevand T, Jacobsen K-O, Strøm H og Solvang R (2021, 24. november). Fugler: Vurdering av krykkje Rissa tridactyla for Norge. Norsk rødliste for arter 2021. Artsdatabanken. Henta 25. november 2021
  2. «Artsdatabankens artsopplysningar». Artsdatabanken. 12. mars 2022. Henta 12. mars 2022. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]