Kengurufamilien
Kenguruar | |
Grå kjempekenguru med unge i pungen | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Overklasse: | Tetrapodar Tetrapoda |
Klasse: | Pattedyr Mammalia |
Orden: | Diprotodontia |
Underorden: | Macropodiformes |
Familie: | Kenguruar Macropodidae Gray, 1821 |
Kenguruar er ein pattedyrfamilie som høyrer til pungdyra. Han omfattar mellom anna raud og grå kjempekenguru og wallaby.
Ordet «kenguru» kjem frå engelsk kangaroo som er avleidd frå gangurru på aboriginarspråket guugu yimithirr. Dette ordet viste til den grå kjempekenguruen.[1][2] Namnet blei først skrive ned som kanguru den 12. juli 1770 i dagboka til naturforskaren Joseph Banks. Han var då ved breidda til Endeavour-elva, i området der byen Cooktown ligg i dag men der guugu yimithirr-folk budde då. Skipet HMS «Endeavour» leia av løytnant James Cook var på land der i fleire veker for å reparara skader det hadde fått på Great Barrier Reef.[3] Cook nemnde kenguruar for første gong i eit dagboksnotat frå 4. august.
Like etter at kenguruungen har blitt født, kryp han opp i pungen til mor si, klamre seg fast til ein kjertel og slepp ikkje før etter om lag ni månader. Då kryp han ut og kan ta sine første skritt.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Etymology of mammal names in English». IberiaNature. Henta 18 June 2011.
- ↑ Stephens, S.E.; Cilento,Raphael (1976). Introduction to Cooktown and its Museum. National Trust of Queensland. ASIN B0000CPFEZ.
- ↑ Bruce Moore, The Vocabulary of Australian English, Australian National Dictionary Centre, Australian National University
- Denne artikkelen bygger på «Kangaroo» frå Wikipedia på engelsk, den 3. november 2016.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- «kenguru» i Store norske leksikon, snl.no.