[go: up one dir, main page]
More Web Proxy on the site http://driver.im/Hopp til innhald

Kosmetikk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Madame de Pompadour som bruker kosmetikk ved ein spegel. Måleri av Francois Boucher frå 1750.

Kosmetikk (av gresk kosmetike (tekhne), 'pyntekunst') viser til stell av hud, hår og negler. Produkt ein nytter til slik pleie, til dømes hudkrem, parfyme, sjampo, maskara eller leppestift, kan også kallast kosmetikk, kosmetika eller for nokre av dei sminke. Kosmetikk kan brukast til å framheva eller skjula visse karakteristikkar, særleg i ansiktet. Det blir ofte sett på som ein måte å forsterka venleik på.

I moderne tid har ein utvikla kosmetisk kirurgi, medisinsk behandling som først og fremst går ut på å forandra utsjånaden til ein pasient. I vidare tyding kan ein bruka omgrepet «kosmetisk» om overflatiske endringar som ikkje omfattar djupare forbetringar.