[go: up one dir, main page]
More Web Proxy on the site http://driver.im/Hopp til innhald

Francis Fox Tuckett

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Francis Fox Tuckett

Statsborgarskap Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland
Fødd 10. februar 1834
Bristol
Død

20. juni 1913 (79 år)
Bristol

Yrke fjellklatrer
Medlem av Royal Geographical Society
Far Francis Tuckett
Mor Mariana Fox
Ektefelle Alice Fox
Francis Fox Tuckett på Commons

Francis Fox Tuckett (10. februar 183420. juni 1913) var ein britisk lêrhandlar og fjellkatrar frå landsbyen Frenchay Common, i dag ein bydel i Bristol.

Tuckett var son til ein rik lêrhandlar og tok i si tid over forretninga etter faren. Kvar sommar tok han seg fri nokre månader og drog på fjellferder i alpelanda. Han vert rekna som ein av dei sentrale aktørane i den såkalla gulladeren i fjellklatringa i Alpane. Den 18. juni 1859 var han med å bestige Aletschhorn for aller fyrste gong, saman med tre fjellførarar. Frå 1859 gjorde han 269 toppturar og fleire fyrstebestingar og jomfruturar i høgfjellet. I 1861 var han med i det laget som fann det som seinare har vorte normalruta til topps på Mont Blanc og i 1862 traverserte han og tre fjellførar over Dauphine-Alpane som dei aller fyrste menneska. I 1864 var han ein dei fyrste som undersøkte Dolomittane. Gjennom 1860-åra utvikla han ein sovepose for bruk i høgfjellet.

Aletschhorn.

Turisthytta Rifugio Tuckett ved Madonna di Campiglio i Dolomittane, 2 272 moh., har namn etter Francis Fox Tuckett.

Tuckett var interessert i så mykje, mellom anna gav han i 1888 ut skriftet Notes of ancient Norwegian wooden churches.