[go: up one dir, main page]
More Web Proxy on the site http://driver.im/Hopp til innhald

Erling Kroken

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Erling Kroken


Statsborgarskap Noreg
Fødd 12. november 1928
Sigdal kommune
Død 5. oktober 2007 (78 år)
Bærum kommune
Idrett skihopping

Erling Kroken (12. november 19285. oktober 2007) i Nedre Sigdal var ein norsk skihoppar. Han vart noregsmeister i skihopping i Narvik i 1951, der han sette bakkerekord i Fagerlibakken med 78,5 meter. I 1953 var han ein av Noregs deltakarar i den fyrste tysk-austerrikske hoppveka, vann rennet i Oberstdorf 4. januar. Året etter, 1954, vart han nummer sju i hopprennet under verdsmeisterskapen i Falun.

Besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn

[endre | endre wikiteksten]
  • 1951: Nr 5 i Holmenkollen
  • 1952: Nr 8 i Holmenkollen
  • 1953: Siger i Oberstdorf, nr 5 i Holmenkollen
  • 1954: Nr 7 i VM i Falun, samt i Lahti

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap

[endre | endre wikiteksten]
  • 1951: Gullmedalje i Narvik

Kroken vann Skuirennet i 1951 og 1955.