[go: up one dir, main page]
More Web Proxy on the site http://driver.im/Hopp til innhald

Eli Bjørhusdal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eli Bjørhusdal

Statsborgarskap Noreg
Fødd 28. februar 1972 (52 år)
Luster kommune
Yrke skribent

Eli Bjørhusdal (fødd 28. februar 1972 i i Luster kommune) er ein norsk professor, skribent, bloggar og målkvinne. Bjørhusdal har tidlegare vore nestleiar i Noregs Mållag og sentralstyremedlem og nestleiar i Norsk Målungdom.

Utdanning og karriere

[endre | endre wikiteksten]

Bjørhusdal har doktorgrad (ph.d.) frå Universitetet i Oslo 2014 med avhandlinga Mellom nøytralitet og språksikring. Norsk offentleg språkpolitikk 1885–2005. Avhandlinga er ein argumentasjonsanalyse av offentlege språkpolitiske styringsdokument frå jamstillingsvedtaket i 1885 til 2005. Avhandlinga konkluderer med at norsk språkpolitikk i perioden ikkje har vore grunngjeve med å styrkje mindretalsspråket nynorsk, men med å styrkje ein språkleg nøytralitetspolitikk.

Bjørhusdal har nordisk hovudfag frå Universitetet i Oslo (ferdig vår 2000). Ho skreiv i hovudfagsoppgavå Målkvinner før 1900 om målrørsla, målkvinner og kvinnepolitikk. Denne vart publisert som ein del av bokserien Skrifter frå Ivar Aasen-instituttet i 2001. Etter hovudfaget tok Bjørhusdal praktisk-pedagogisk utdanning ved Høgskulen i Sogn og Fjordane (ferdig vår 2001). I hovudoppgåva går Bjørhusdal i rette med tidlegare framstillingar av målrørsla som mannsdominert og kvinneundertrykkjande. Ho argumenterer for at målrørsla før 1900 var langt framme i praktisk kvinnepolitikk og at målkvinner som Aasta Hansteen, Hulda Garborg og Synnøve Riste var damer som representerte ein bygdefeministisk norskdomstradisjon.

Fram til 2005 jobba Eli Bjørhusdal som lektor i i grunnskulen og i vaksenopplæringa i Luster kommune. I 2006 vart ho tilsett ved Høgskulen i Sogn og Fjordane som stipendiat i norsk. Frå 2012 var ho høgskulelektor i norsk same stad og frå 2014 førsteamanuensis. Sidan 2000 har ho vore busett i Jostedalen i Luster kommune.

Bibliografi

[endre | endre wikiteksten]
  • 2001 – Arne Garborg : eit debatthefte (Oslo: Noregs Mållag). ISBN 82-7339-050-0  [Red. av Eli Bjørhusdal]
  • 2001 – Målkvinner før 1900 (Volda: Høgskulen i Volda). ISBN 8276611397 I fulltekst ved nb.no  [Skrifter frå Ivar Aasen-instituttet nr 12. Frå føreordet: Denne studien er ein lite omvølt versjon av det eg leverte som hovudoppgåve i nordisk ved Universitetet i Oslo våren 2000]
  • 2014 – Mellom nøytralitet og språksikring: Norsk offentleg språkpolitikk 1885–2005 (Sogndal: Høgskulen i Sogn og Fjordane) I fulltekst  [Avhandling til ph.d.-graden ved Institutt for lærarutdanning og skoleforsking, Det utdanningsvitskaplege fakultetet, Universitetet i Oslo 2014.]
  • 2017 – Nynorsk med dei minste (Oslo: Samlaget). ISBN 978-82-521-9409-8  [Redaktørar: Eli Bjørhusdal og Ingvil Brügger Brudal]
  • 2018 – Å skrive nynorsk og bokmål : nye tverrfaglege perspektiv (Oslo: Samlaget). ISBN 978-82-521-9561-3  [Redaktørar: Eli Bjørhusdal, Edit Bugge, Jan Olav Fretland og Ann-Kristin H. Gujord]

I bøker - eit utval

[endre | endre wikiteksten]

I tidsskrift - eit utval

[endre | endre wikiteksten]