[go: up one dir, main page]
More Web Proxy on the site http://driver.im/Hopp til innhald

Gilberto Silva

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gilberto Silva
Personleg informasjon
Fullt namn Gilberto Aparecido da Silva
Fødd 7. oktober 1976
Fødestad Lagoa da Prata
Høgd 186 cm
Posisjon Midtbanespelar
Klubbinformasjon
Noverande lag
Grêmio
Nummer 3
Ungdomsklubbar
1988-93 Brasil América (MG]
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1997-2000
2000-02
2002-08
2008-11
2011
Brasil América (MG)
Brasil Atlético Mineiro
Arsenal
Hellas Panathinaikós
Brasil Grêmio
20 (1)
62 (4)
170 (17)
78 (6)
10 (1)
Landslag
2001- Brasil Brasil 93 (3)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 28. juli 2011
‡ Landslagsmål oppdatert 28. juli 2011

Gilberto Aparecido da Silva (fødd 7. oktober 1976 i Lagoa da Prata i Minas Gerais) er ein brasiliansk fotballspelar som i 2011 spela på midtbanen for Grêmio i den brasilianske fotballigaen, og for landslaget til Brasil.

Gilberto Silva spelte i seks sesongar, frå 2002 til 2008, for Arsenal i Premier League i England. Han vart seriemeister i England med Arsenal i 2004, og i Hellas med Panathinaikós i 2010. Han debuterte for Brasil sitt A-landslag 7. oktober 2001 i ein kamp mot Chile, og spelte alle kampane då Brasil vann verdsmeisterskapen i fotball i 2002.