[go: up one dir, main page]
More Web Proxy on the site http://driver.im/Hopp til innhald

Gibsonørkenen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gibsonørkenen
ørken
Land  Australia
Kart
Gibsonørkenen
23°43′48″S 127°59′48″E / 23.73°S 127.99666666667°E / -23.73; 127.99666666667
Wikimedia Commons: Gibson Desert
Terrenbil i Gibsonørkenen

Gibsonørkenen er ein stor ørken i Vest-Australia som stort sett er urørt av menneske. Han er rundt 155.000 kvadratkilometer (60.000 kvadratkilometer) stor, og det gjer det til den femte største ørkenen i Australia, etter Victoriaørkenen, Great Sandy Desert, Tanami og Simpson-ørkenen. Gibson-ørkenen er både ein australsk bioregion og ein ørken-økoregion.

Plassering og skildring

[endre | endre wikiteksten]

Gibson-ørkenen ligg mellom den salthaldige Kumpupintil-sjøen og Macdonald-sjøen langs krepsen sin vendekrins, sør for Den store sandørkenen eller Great Sandy Desert og aust for Little Sandy Desert og nord for Victoriaørkenen (Great Victoria Desert). Høgda hans stig til litt over 500 meter nokre stader. Den tidlege australske utforskaren Ernest Giles[1] merka seg at store deler av ørkenen er prega av grusdekt terreng dekt av tynt ørkengras. Han omfattar òg store område med bølgjande raude sandsletter og felt av sanddyner, låge stein- og gruskammar og betydelege høglandsdelar med mange lateritt-formasjonar. Den sandhaldige jorda i dei latteritt-hagl-haldigeslettene er rike på jern. Det finst nokre isolerte saltvassjøar i midten av regionen, og i sørvest ligg det eit system av små innsjøar langs gamle dreneringsleie.[2] Grunnvasskjeldene omfattar delar av Officer Basin og Canning Basin.

Regnfall i Gibson-ørkenen er mellom 200 og 250 millimeter (7,9 og 9,8 in) årleg, medan evaporeringshastigheita er i området mellom 3600 millimeter (140 in) årlig. Klimaet er generelt varmt; den maksimale sommartemperaturen stig over 40 °C (104 °F) °C (104 , medan den maksimale vintertemperaturen kan gå ned til 18 °C (64 °F) °C (6 °C (43 °F) og minimal vintertemperatur går ned til 6 °C (43 °F).[3]

Gibson-ørkenen blei namngjeven av utforskaren Ernest Giles etter eit medlem av partiet hans, Alfred Gibson, som blei tapt og truleg døydde i ørkenen under ein ekspedisjon i 1874.[1]

I mykje av regionen, særleg den tørre vestlege delen, er dei fleste innbyggjarane aboriginarar. I 1984 var det ei sterk tørke som tørka ut alle kjeldar og gjorde tilgangen på mat svært dårleg. Ei gruppe pintupifolk som levde eit tradisjonelt semi-nomadisk liv i ørkenen vandra ut av ei øyde villmarksområde i den sentrale-austre delen av Gibson-ørkenen nordaust for Warburton og fekk kontakt med det australske storsamfunnet for fyrste gong. Dette var kanskje den siste ukontakta stammen i Australia. I den austlege kanten av regionen er det busetnader der det også bur folk av europeisk herkomst, som Warburton, Mantamaru og Warakurna. Unge urfolk frå Gibson-ørkenen kan ta del i Wilurarra Creative-program for å oppretthalda og utvikla kulturen sin.[4]

  1. 1,0 1,1 Giles, Ernest (1889). Australia twice traversed: the romance of exploration, being a narrative compiled from the journals of five exploring expeditions into and through central South Australia and Western Australia from 1872 to 1876 2. London: Sampson Low, Marston, Searle & Rivington. ISBN 0-86824-015-X. Arkivert frå originalen 22. mars 2012. Henta 12. mai 2012. 
  2. «Rangelands - Overview - Gibson Desert». Department of Sustainability, Environment, Water, Population and Communities. Arkivert frå originalen 16 March 2011. Henta 19 December 2010. 
  3. Great Victoria and Gibson Deserts, Western Australia from Climate and Weather Atlas of Australia by Michael Thompson, verified 2006-01-23.
  4. Wilurarra Creative