Brukardiskusjon:Benjamil
Velkommen til Nynorsk Wikipedia
Det frie oppslagsverket der alle kan delta |
Hei og velkommen til Nynorsk Wikipedia, Benjamil! Her kjem nokre lenker, der du kan...
- … læra korleis du endrar ei side
- … læra korleis du opprettar ein artikkel
- … lesa om grunnprinsippa på Wikipedia
- … få svar på ofte stilte spørsmål
For annan informasjon om Wikipedia og arbeidsoppgåver kan du vitja arbeidskontoret, og på samfunnshuset kan du ta opp spørsmål og diskutera saker som har med Wikipedia å gjera. Dersom du lurer på noko er det berre å spørja! Det ser ut som om du kjenner godt til Wikipedia! Me treng absolutt betre artiklar om farmasi, fantastisk om du skriv ned noko, eller sjekkar kvaliteten på det som er her. Kjem du frå Ålvik? Eg kjem frå Norheimsund og fekk artikkelen der på framsida for nokre års sidan, det er om lag 500 som kikkar på denne artikkelen kvar månad.
Ellers ser eg at du skriv at du bur austpå, det gjer også eg, og me har eit godt wiki-miljø her og me treffest innomellom. Om du får tid og lyst så er du velkommen på slike treff. Hogne (diskusjon) 11. juli 2012 kl. 12:42 (CEST)
- Eg skal sjå kva eg får tid til, men la merke til at det var noko mangelfullt, so det rykkjer litt i fagbyrgskapen. Eg kom over desse fantastiske bøkene i ferien, og då kjende eg at eg laut få ned nokre opplysningar til Ålvik-artikkelen (og ja, eg kjem frå den bygda). Det er berre å invitera meg til treff, men kan ikkje lova at eg kjem. Beste helsing, Benjamil (diskusjon) 12. juli 2012 kl. 00:42 (CEST)
Endringssamandrag
[endre wikiteksten]Etter å ha godkjend noke bidrag frå ein ny brukar må eg berre seia, så flott at du bruker samandragsboksen! Fortsett gjerne slik. Det gjev gode opplysingar både for dei som ser over endringar no og i artikkelhistorikken. --Ranveig (diskusjon) 11. juli 2012 kl. 14:42 (CEST)
- Takk skal du ha. Eg skal halda fram med det. Dette er noko eg er van med frå engelsk Wikipedia, der det nærast er obligatorisk på dei artiklane eg har arbeidd med. Benjamil (diskusjon) 12. juli 2012 kl. 00:42 (CEST)