[go: up one dir, main page]
More Web Proxy on the site http://driver.im/Hopp til innhald

Bobbye Hall

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bobbye Hall

Føddca. 1950 (74 år)
OpphavUSA
Aktiv1963–
InstrumentPerkusjon
Verka somjazzmusikar

Bobbye Jean Hall Porter (fødd 1950) er ein USA-amerikansk perkusjonist som har spelt med mange rock-, soul-, blues- og jazzartistar. Ho har medverka på 22 songar som har nådd topp 10 på Billboard Hot 100, seks av dei nådde toppen av lista.

Tidleg karriere

[endre | endre wikiteksten]

Bobbye Jean Hall vart fødd i Detroit, og byrja karrieren sin der med å spele perkusjon på nattklubbar medan ho framleis var i tenåra. Ved hjelp av bongo- og congatrommer, og anna perkusjon, spelte ho på mange Motown-innspelingar.[1] Ho budde i Europa nokre år før ho flytta til Los Angeles[2] der ho var ein av få kvinnelege studiomusikarar i eit mannsdominert yrke, og spelte stundom med The Funk Brothers.[3] Ho var alt erfaren i mai 1971, då ho spele bongotrommer på Marvin Gaye sin «Inner City Blues (Make Me Wanna Holler)».[4] Første gongen ho spelte i studio bakt eit fullt rocketrommesett, var med Chris Ethridge på abumet L.A. Getaway.[5]

Hall spelte inn fleire album med Bill Withers, mellom anna på den store hitten hans «Lean On Me», og eit konsertalbum frå Carnegie Hall. Ho turnerte med Carole King i mai-juni 1973, og spelte på to studioalbum av King.[6] I mai 1974 spelte ho igjen i Carnegie Hall, denne gongen med James Taylor, etter å ha spelt på to av albuma hans. Hall spelte for Stevie Wonder på eit par songar i 1974 og 1976, inkludert «Bird of Beauty» der quicaen hennar er med på å skape brasiliansk karnevalstemning.[7]

I 1973–1974 byrja Hall stundom å kalle seg Bobbye Hall Porter eller Bobbye Porter Hall, då ho gifta seg med plateprodusenten Joe Porter.[8][9][10] Hall gav ut eit album på eiga hand i mars 1977: Body Language For Lovers, eit soul-jazz-instrumentalverk med melodiar skriven av ho sjølv og ektemannen.

Globalt kjend

[endre | endre wikiteksten]

I 1978 tok Bob Dylan ho med på verdsturneen sin, frå midten av februar til midten av desember, og betalte ho kring 2 500 dollar i veka (eller kring 9 000 dollar i dagens pengar).[11] Denne høge summen kom av at ho gjekk glipp av studioinnspelingar medna ho var på turné.[11] Konsertopptak frå denne turneen kom ut på Bob Dylan at Budokan, og undervegs i turneen spelte Dylan og det meste av turnebandet, inkludert Hall på perkusjon, inn studioalbumet Street-Legal.[12]

Seint i august 1978 spelte Hall congatrommer på Tom Waits-albumet Blue Valentine på songen «Romeo Is Bleeding», og gav denne ei latinsk kjensle.[13]

I 1979 spelte ho på The Wall med Pink Floyd. Ho spelte med Bob Seger's Silver Bullet Band tidleg i 1980-åra. Hall spelte for Stevie Nicks på albumet Bella Donna og turnerte med ho i 1982 og 1986.[14] I filmen Little Shop of Horrors i 1986, spelte Hall tamburin og congatrommer på filmmusikken.[15]

Andre musikarar ho har spelt i studio med er mellom andre Kim Carnes, Lynyrd Skynyrd, Janis Joplin, Tavares, Randy Newman, Rod Stewart, Dolly Parton, Mel Brown, Leo Sayer, Cecilio & Kapono, Russ Ballard, Donovan, Joni Mitchell, Jerry Garcia, Patti Scialfa, Freda Payne, Dwight Yoakam, Donald Byrd, Gene Harris, Bobby Hutcherson, Grant Green, Ferron, Poco, The Temptations, Mary Wells, Jefferson Starship, Kenny Rankin, The Manhattan Transfer, Stanley Turrentine, Boz Scaggs, Marc Bolan, Judy Mowatt, Hugo Montenegro, Aretha Franklin, The Doobie Brothers, Kris Kristofferson, Smokey Robinson, Diana Ross, Al Kooper, The Jeff Healey Band, The Doors, Robin Zander, Lone Justice, The Mamas & the Papas, David Byrne, Marty Balin, Sarah Vaughan, Tommy Bolin, Ozark Mountain Daredevils, Harry Chapin og Tracy Chapman.[15]

Songar på Billboard-lista

[endre | endre wikiteksten]

Desse songane som Hall spelte på gjekk inn på Billboard Hot 100-lista:

Artist Song År-månad Høgaste plassering
Janis Joplin «Me and Bobby McGee» 1971-00 1
Bill Withers «Ain't No Sunshine» 1971-00 3
Bill Withers «Grandma's Hands» 1971-00 42
Marvin Gaye «Inner City Blues (Make Me Wanna Holler)» 1971-09 9
Carole King «Sweet Seasons» 1971-12 9
Carole King «Been to Canaan» 1972-00 24
Bill Withers «Use Me» 1972-10 2
James Taylor «Don't Let Me Be Lonely Tonight» 1972-11 14
Joni Mitchell «You Turn Me On I'm a Radio» 1972-11 25
Bill Withers «Lean On Me» 1972-06 1
Tavares «Check It Out» 1973–00 35
Tavares «That's the Sound That Lonely Makes» 1973-00 70
Marvin Gaye «Let's Get It On» 1973-06 1
Seals and Crofts «Diamond Girl» 1973-08 6
Seals and Crofts «We May Never Pass This Way Again» 1973-10 21
Marvin Gaye «Come Get to This» 1973-10 21
Marvin Gaye «You Sure Love to Ball» 1974-01 50
Smokey Robinson «Virgin Man» 1974-03 56
Smokey Robinson «It's Her Turn to Live» 1974-03 82
Jefferson Starship «Miracles» 1975-03 3
The Doobie Brothers «Take Me in Your Arms (Rock Me a Little While)» 1975-05 11
Lynyrd Skynyrd «Saturday Night Special» 1975-05 27
Jefferson Starship «With Your Love» 1976-06 12
Jefferson Starship «St. Charles» 1976-06 64
James Taylor «Shower the People» 1976-09 22
Leo Sayer «You Make Me Feel Like Dancing» 1976–11 1
Leo Sayer «How Much Love» 1976-11 17
Dave Mason «We Just Disagree» 1977-00 12
Rita Coolidge «(Your Love Keeps Lifting Me) Higher and Higher» 1977-03 2
Leo Sayer «When I Need You» 1977-05 1
Diana Ross «Gettin' Ready For Love» 1977-09 27
Diana Ross «Your Love Is So Good For Me» 1977-09 49
Diana Ross «You Got It» 1977–09 49
Leo Sayer «Thunder in My Heart» 1977-10 38
Leo Sayer «Easy To Love» 1978-00 36
Leo Sayer «Raining in my Heart» 1978-09 47
Quincy Jones «Roots Medley» 1977-00 57
Rita Coolidge «We're All Alone» 1977-09 7
Dan Fogelberg «The Power of Gold» 1978-00 24
Billy Preston «With You I'm Born Again» 1979-10 4
Pink Floyd «Another Brick in the Wall (Part 2)» 1980-00 1
Pink Floyd «Run Like Hell» 1980-00 53
Marty Balin «Hearts» 1981-05 8
Marty Balin «Atlanta Lady» 1981-05 27
Stevie Nicks «Leather and Lace» 1981-07 6
Stevie Nicks «Edge of Seventeen» 1981-07 11
Stevie Nicks «After the Glitter Fades» 1981-07 32
Bob Seger «Roll Me Away» 1982-12 5
Bob Seger «Shame on the Moon» 1983-02 2
Stevie Nicks «Stand Back» 1983-05 5
Tom Petty and the Heartbreakers «Don't Come Around Here No More» 1985-05 13
Tom Petty and the Heartbreakers «Rebels» 1985-05 74
Rod Stewart «Lost In You» 1988-05 12
Rod Stewart «Forever Young» 1988-05 12
Rod Stewart «My Heart Can't Tell You No» 1988-05 4
Rod Stewart «Crazy About Her» 1989-00 11
Jeff Healey «Angel Eyes» 1989-06 5
Tracy Chapman «Crossroads» 1989-10 90
  1. «Rhythm Section Session Players». Wilson and Alroy's Record Reviews. Henta 12. mars 2015. 
  2. «Bobbye Hall». Instrumental Women Project. Henta 12. mars 2015. 
  3. Gray, Michael (2008). The Bob Dylan Encyclopedia. Continuum. s. 291–294. ISBN 978-0-8264-2974-2. 
  4. Sounes, Howard (2006). Seventies: the sights, sounds and ideas of a brilliant decade. Simon & Schuster. s. 134. ISBN 0-7432-6859-8.  «...such as Bobbye Hall whose insistent bongos can be heard..."
  5. Einarson, John (2005). Mr. Tambourine Man: the life and legacy of the Byrds' Gene Clark. Hal Leonard Corporation. s. 166. ISBN 0-87930-793-5. 
  6. «Ode's King U.S. Tour». Billboard (Nielsen Business Media) 85 (15): 16. 14. april 1973. ISSN 0006-2510. 
  7. Perone, James E. The sound of Stevie Wonder: his words and music. The Praeger Songar-låtskrivar collection. Greenwood Publishing Group. s. 62. ISBN 0-275-98723-X. 
  8. Raben, Erik; Nielsen, Ole J. (1990). Jazz records 1942–80: a discography 3. Stainless/Wintermoon. s. 105. 
  9. Lord, Tom (1996). The Jazz Diskografi 10. Lord Music Reference. s. H–971. 
  10. Orloff, Katherine (1974). Rock 'n Roll Woman. Nash. ISBN 0-8402-8077-7. 
  11. 11,0 11,1 Sounes, Howard (2002). Down the Highway: The Life of Bob Dylan. Grove Press. s. 314–317, 322. ISBN 0-8021-3891-8. 
  12. James, Peter. Warehouse Eyes: The albums of Bob Dylan. Lulu.com. s. 134, 141. ISBN 1-4116-8084-7. 
  13. Hoskyns, Barney (2010). Lowside of the Road: A Life of Tom Waits. Random House. s. 208. ISBN 0-7679-2709-5. 
  14. Hounsome, Terry (1987). Rock record: a collectors' directory of rock albums and musikarar (3 utg.). Facts On File. s. 414. ISBN 0-8160-1754-9. 
  15. 15,0 15,1 «Bobbye Porter: Credits». Artist Direct. Henta August 2, 2010. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]