[go: up one dir, main page]
More Web Proxy on the site http://driver.im/Hopp til innhald

Bøverbru

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bøverbru
tettstad
Land  Noreg
Fylke Innlandet
Kommune Vestre Toten
Areal 0,67 km²
Folketal 745  (2023)
Folketettleik 1 112 / km²
Postnummer 2846 BØVERBRU
Kart
Bøverbru
60°39′56″N 10°40′40″E / 60.665556°N 10.677778°E / 60.665556; 10.677778
Wikimedia Commons: Bøverbru

Bøverbru er ein tettstad i Vestre Toten kommune i Innlandet fylke. Staden har 745 innbyggjarar per 1. januar 2023.

Nemninga «Bøfr-Broen» på ei bru over elva Bøvra finst i tinglyste dokument frå 1700-talet. Men tettstaden voks først opp rundt Bøverbru stasjon på Skreiabanen, som opna i 1902. Dette året blei òg Bøverbru teke i bruk som postadresse.

I første del av hundreåret var steinbrot og kalkbrenning grunnlag for vekst på Bøverbru. I dag er Toten Kjøtt AS og kjøken- og baderomsinnreingsverksemda Corinor dei viktigaste verksemdene i området.