Abdülmecit
Utsjånad
Abdülmecit, òg Abdulmajid, (23./25. april 1823–25. juni 1861) var osmansk sultan frå 2. juli 1839 til han døydde.
Abdülmecit førte innanriks ein reformpolitikk og omskipa landsstyret gjennom det såkalla Tanzimat. Han søkte å inkludere andre folkegrupper enn tyrkarane i det mangslungne riket, gjere dei til osmanarar, men møtte motstand frå ulike nasjonalistiske rørsler. 1854-56 låg riket hans ikrig mot Tsar-Russland i Krimkrigen. I utanrikspolitikken nærma han seg Storbritannia og Frankrike, og var frå 1856 ein del av det europeiske stormaksspelet.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Abdulmejid I» frå Wikipedia på engelsk, den 26. februar 2019.