Costa da Morte
Costa da Morte (tyder «Dødskysten») er ein del av kysten av Galicia i Spania. Costa da Morte strekkjer seg frå landsbyen Fistera til byen Malpica. Den største byen ved kysten her er A Coruña.
«Dødskysten» har fått dette namnet på grunn av dei mange skipsvraka som ligg like utanfor dei farlege klippene. Medan Rías Baixas er verna av ei ujamn kystlinje og mange øyar, er Costa da Morte direkte utsett for Atlanterhavet. Det er eit område som har vorte råka av fleire oljeutslepp, mellom anna frå «Prestige» i 2002.
Det ytre neset er kjent av antropologiske, historiske og geografiske årsaker. Namnet på galisisk er Fisterra, og opphavet til dette namnet går heilt tilbake til førromersk tid då det vart sagt at dette var enden på verda (Finis-terrae). Området vart kristna av den romersk-katolske kyrkja ved at mange kristne pilegrimar reiste hit langs Jakobsvegen.
Folk i området har bevart dei førkristne keltiske ritualstadane og ført med seg noko av den gamle trua. Til dømes finst det store pedras de abalar (ruggesteinar) gjennom heile området. Desse var heilage keltiske stader og nytta i forskjellige rituale som framleis går att i den lokale kulturen.
Geografi
[endre | endre wikiteksten]Costa da Morte inkluderer Kapp Finisterre (spansk Cabo Finisterre; galisisk Cabo Fisterra), eit nes som er det vestlegaste punktet i Galicia. Kapp Finisterre er det vestlegaste punktet i Spania, men ikkje i Europa (som er Cabo da Roca i Portugal).
På Kapp Finisterre står eit kjent fyr og i nærleiken ligg byen Fisterra.
Stader langs Dødskysten
[endre | endre wikiteksten]Av byar og landsbyar langs kysten finn ein:
- A Coruña
- Ensenada do Orzán
- Bens
- Suevos
- Praia de Barrañán
- Caión
- Praia de Baldaio
- Punta do Razo
- Punta Falcoeira
- Malpica
- Illas Sisargas
- Barizo
- Punta de Nariga
- Corme
- Balarés
- Ria de Laxe
- Cabo de Laxe
- Praia de Traba
- Camelle
- Praia do Trece
- Cabo Vilán
- Camariñas
- Muxia
- Punta da Barca
- Cabo Touriñán
- Nemiña
- Ria de Lires
- Praia do Rostro
- Cabo da Nave
- Fisterra
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Costa da Morte» frå Wikipedia på engelsk, den 21. september 2009.
- http://www.costadelamuerte.com/