[go: up one dir, main page]
More Web Proxy on the site http://driver.im/Hopp til innhald

Uganda

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Republic of Uganda

(norsk: Uganda, ugandisk)

Det ugandiske flagget Det ugandiske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonalsong «Oh Uganda, Land of Beauty»
Motto For God and My Country
(For gud og fedreland)
Geografisk plassering av Uganda
Offisielle språk Engelsk
Hovudstad Kampala
Styresett
Republikk
Yoweri Museveni
Amama Mbabazi
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
241 038 km² (80.)
15 %
Folketal
 – Estimert (2017)
 – Folketeljing (2002)
 – Tettleik
 
39 570 125 (35.)
24 442 084
164,2 /km² (55.)
Sjølvstende
frå Storbritannia
9. oktober 1962
Nasjonaldag 9. oktober
BNP
 – Totalt (2015)
 – Per innbyggjar
 
79 750 mill. USD (88.)
2 500 USD (169.)
Valuta Ugandisk shilling (UGX)
Tidssone UTC +3
Telefonkode +256
Toppnivådomene .ug


Uganda er ein innlandsstat i austlege Sentral-Afrika eller Aust-Afrika. Landet har kyst mot Victoriasjøen mot søraust og grensar til Kenya i aust og mot Sør-Sudan i nord. Mot vest grensar det til Den demokratiske republikken Kongo og Rwanda, og i sør ligg Tanzania.

Topografisk kart over Uganda.

Uganda er ein del av Aust-Afrika, som tradisjonelt består av to regionar som er knytte saman i mange omsyn både geografisk og historisk: Det tradisjonelle Britisk Aust-Afrika, som består av Kenya, Tanzania og Uganda, og Afrikas horn som består av Somalia, Djibouti, Eritrea og Etiopia.

Afrikansk elefant i Uganda.

Landet ligg sentralt i Aust-Afrika ved Victoriasjøen, mellom breiddegradene 4°N og 2°S og lengdegradene 29 og° 35 E°, og på eit platå som omfattar dei høgaste fjelltoppane på det afrikanske kontinentet. Fjellplatået har fleire toppar som når opptil 5000 meter. Det lågaste punktet i landet er Albertsjøen på 621 moh.

Uganda har så mange innsjøar at det av og til blir kalla Great Lakes Valley. Ved sida av Victoriasjøen finst Kyogasjøen, Albertsjøen, Edwardsjøen og den mindre Georgesjøen.

Dreneringsområdet til Nilen.

To parallelle riftdalar som er delar av den store austafrikanske Riftdalen skjer gjennom heile regionen i nord-sørleg retning så at dei presis omgir Uganda. Den austlege, Great Rift Valley, strekkjer seg frå Raudehavet med Adenbukta, gjennom det etiopiske høglandet ned gjennom Kenya til Tanzania. Den vestlege, Rift Valley, går langs den vestlege grensa til Uganda og Tanzania. Mellom dei to kontinentale dalgangane ligg høgplatået som består av Uganda, vestlege Kenya og vestlege Tanzania med Victoriasjøen i midten, som er delt mellom dei tre landa.

Frå Uganda og Victoriasjøen, som ligg i ei høgd på kring 1100 meter over havet, spring Nilen mot nord frå Jinja. Elva utgjer eit av dei største elvesystema i verda med ei lengd på om lag 6670 kilometer. Dreneringsområdet er omtrent 3250000 km², kring 10 % av arealet til Afrika. Utløpet ved munningen er 2830 m³ per sekund. Victoriasjøen blir normalt sett på som den viktigaste kjelda til Nilen. Sjøen har likevel fleire tilløp av monaleg lengd frå andre store sjøar i det austafrikanske riftsystemet. Den fjernaste kjelda til Nilen er Ruvyironza-elva i Burundi, ein av dei øvre forgreningane til Kagera-elva. Kagera renn i 690 kilometer før han når Victoriasjøen.

Det totale arealet til Uganda er 241.550,6 km.² 197322,7 km² av dette var landareal i 1995, med vassfar og permanente våtmarker utelatne.[1]

Uganda har rikeleg tilgang til ferskvatn og ei jord med eit høgt naturleg fosfatinnhald. Dette gjer at fruktbarheita er så stor at det er muleg å hausta avlingar opptil sju gangar per år. Dette er hovudårsaka til at det aldri har vore hungersnaud i Uganda, og at landet historisk har vore ein stor eksportør av alt frå kaffi, te, sukkar, palmeolje, mais, frukt og grønsaker til matoke, den ugandiske nasjonalretten, som er ein slags stor kokebanan.

Uganda har tidlegare vore ein stor eksportør av fisk. Fiskeriet i vatn og elver har gått tilbake etter at kinesiske verksemder har innført store trålarar til Victoriasjøen og rovfiska i ei slik utstrekning at styresmaktene la ned forbod mot denne typen fiske. I dag fiskar ein med tradisjonelle kanoar og relativt små nett. Tilapia er den fiskearten som blir verdsett mest, medan den langt større nilåboren som blei sett ut med tanke på fiske ikkje kan fangast med dei små netta som er tillatne i dag.

Uganda har mange hundre kilometer av strand, hundredvis av øyar, hundretals elver og vatn. Dette har ført til ei satsing på miljøturisme. Ein har bygd ei rekkje lodges og yacht-klubbar, resortar og store femstjerneshotell. Utnyttinga skjer framfor alt på breiddene av Victoriasjøen. Før Uganda fekk sjølvstende var turismen ei av dei største inntekstkjeldene til landet. Det er stadig mogleg å finna restar av dei britiske golfklubbane, idrettsanlegg og rugby- og cricketanlegg over heile Uganda.

Kart over Uganda

Uganda ligg heilt innanfor tropane og ekvator går igjennom landet. Landet har derfor tropisk regnklima, som vert modifisert på grunn av høgda over havet. Viktoriasjøen er ein viktig del av klimaet i Uganda, og gjer at klimaet her er våtare enn t.d. i nabolandet Kenya, som elles har mykje det same klimaet. Fukta frå Victoriasjøen er ei kjelde til fukt i atmosfæren og torevêr. I tillegg er dei vestlege områda ofte påverka av fuktig sørvestleg vind som tar med seg regn frå Kongo. Dei våtaste områda av landet er langs kysten av Viktoriasjøen og Rwenzorifjella i Vest-Uganda. Her får ein om lag 1500 mm i året, medan sentrale og nordaustlege område får mindre enn 1000 mm. Nedbøren varierer derimot frå år til år, så enkelte år kan nedbørsmengda vere mykje mindre enn 1000 mm. Uganda har to regntider som følgjer den intertropiske konvergenssona sørover (mars-mai) og nordover igjen (oktober-desember). I dei nordlege områda smeltar derimot desse to regntidene i saman til ei samanhengande regntid, med ei tørketid i mellom.

Temperaturane vert sjeldan svært høge, årsmiddeltemperaturen er kring 22-23 °C året rundt, og fukta er vanlegvis ikkje så pass høg at ein får ubehagelege forhold. Ein kan ha regnvêr ein dag og to i strekk, men vanlegvis kjem regnet i samband med kraftige torebyer.

Førkolonial historie

[endre | endre wikiteksten]

På grunn av talrike fossile funn har mange antropologar trekke den nærliggjande sluttinga at den såkalla vogga til menneskja kan ha vore i det austafrikanske området, dvs. det området som no er dekt av Uganda og nabostatane. Ein går ut frå at Uganda tidlegare var dekt av ubroten tropisk regnskog som var folkesett av pygméfolk som dreiv jakt her. For rundt 2000 år sidan blei desse stammane trengde tilbake av landbruksdyrkande bantufolk. Kring 1700-talet dominerte to etniske gruppar det noverande Uganda: i sør heldt bantustammar til, som hovudsakleg var bønder, medan nilotar var nomadiske stammar. Frå 1400-talet oppstod det aristokrati i dagens sørlege Uganda som framleis er delvis eksisterande. Her hadde kongeriket Buganda ei leiande rolle.

Allereie før europearar kom til området på 1800-talet var det arabiske kjøpmenn i området nord for Victoriasjøen. På denne tida var det tre kongerike her: Bugunda, Kittara og Karagwe. Arabarane dreiv særleg med handel med elfenbein og slavar. I nokre område etablerte den muslimske trua seg. I mange andre regionar var naturreligionane framleis viktigast.

Rundt 1860 gjenoppdaga dei britiske utforskarane Grant og Speke kjeldene til Nilen. Det var fyrst rundt denne tida at den europeiske koloniseringa av Aust-Afrika tok til. Samuel Baker avviste dei tidlegare legendene om, at det indre av Afrika skulle vera årestaden for kannibalisme. Dei fyrste europearane som slo seg ned i området var katolske og protestantiske misjonærar. Dei klarte på høvesvis kort tid å omvenda mange folkegrupper til kristendommen, medan islam ikkje kunne få fotfeste.

I 1884/1885 blei dei to kolonimaktene Tyskland og Storbritannia samde om ei deling av Aust-Afrika på Berlinkonferensen. Britane fekk overhøgd over det austafrikanske høglands- og sjøområde, medan det såkalla Tysk Austafrika blei danna i området der dei noverande landa Tanzania, Rwanda og Burundi ligg. Dei noverande statane Uganda og Kenya blei saman Britisk Austafrika.

I 1888 blei området underlagt Det britiske austindiske kompaniet. Dette dekte dei økonomiske og politiske interessene til den britiske krona i Britisk Austafrika. Det inngjekk fleire vernekontraktar med bantukongerika.

I 1893 kravde sir Gerald Portal i Entebbe Uganda inndrege under den britiske krona. I 1894 blei Uganda ein del av eit britisk protektorat. Endå måtte ein føre fleire krigar for å bryta motstanden blant den opphavlege befolkninga mot skipinga av eit kolonialt statssystem.

I 1902 blei Britisk Austafrika delt opp i to forvaltingseiningar som svarer til dei noverande statane Uganda og Kenya.

Koloniøkonomien avgrensa seg i byrjinga til dyrking av eksportnytteplantene bomull og kaffi. I motsetnad til Kenya var talet på europeiske innflyttarar lågt, så landbruksjorda blei i stor grad verande i hendene på den lokale befolkninga eller aristokratiet. I samband med at det britiske kolonialembetsverket bygde jernbane i området, flytta fleire asiatar til Uganda.

Kart over Uganda

Sjølvstende

[endre | endre wikiteksten]

I 1950-åra blei det innleidd ein viss demokratiseringsprosess. Det oppstod politiske parti og ein såkalla kongress. I 1962 blei Apollo Milton Obote den fyrste premierministeren i landet, som no var blitt delvis sjølvstendig. Obote prøvde å oppløysa dei gamle kongerika, noko som medførte massakrar, og han fjerna seg frå befolkninga. Dette blei utnytta av Idi Amin. Medan Obote var ute av landet, overtok Amin kontrollen. Dette blei helsa velkome i vide krinsar i inn- og utlandet, men omdømet til Amin skulle endra seg då han viste seg å opptre som ein blodig tyrann.

I april 1979 blei byen Kampala frigjort under leiing av Yoweri Museveni, og Amin flykta frå landet. Men ved dei etterfølgjande vala blei Obote og ikkje Museveni vald. Deretter gjekk Museveni, som skulda Obote for valfusk, inn i ein geriljakrig mot Obote.

Museveni har vore ved makta sidan 1986. Frå midten til slutten av 1990-åra blei han rosa av Vesten som ein del av ein ny generasjon av afrikanske leiarar. Han engasjerte seg i borgarkrigen i Den demokratiske republikken Kongo (DRC) og andre konfliktar i det indre Afrika, som borgarkrigen mot Lord's Resistance Army.

I august 1998 utførte Rwanda og Uganda ein invasjon av Kongo for å velta ein tidlegare alliert av Museveni, president Laurent Kabila. Museveni blei samd med nokre nære militære rådgjevarar om å senda UPDF til Kongo. Tilsynelatande var det ugandiske parlamentet og sivile rådgjevarane ikkje blitt høyrde, slik grunnlova frå 1995 kravde.[2] Den offisielle grunnen Uganda gav for inngrepet var å stoppa eit folkemord mot banyamulengefolk i Kongo i lag med rwandiske styrkar,[3] og at Kabila ikkje hadde trygga grensa, slik at The Allied Democratic Forces (ADF) kunne gå til åtak inne i Uganda frå Kongo. Dei ugandiske styrkane heldt seg ikkje i grenseområdet, men drog meir enn 1000 km vestover frå den ugandiske grensa inn i Kongo[4] for å støtta opprørarane i Mouvement de libération du Congo (MLC), som prøvde å velta Kabila. Difor kunne dei ikkje hindra ADF frå å invadera den store byen Fort Portal og ta over ein fengsel vest i Uganda.

Troppar frå Rwanda og Uganda plyndra dei rike førekomstane av mineral og tømmer i Kongo. USA reagerte på invasjonen ved å suspendera all militær bistand til Uganda, eit vonbrot for Clinton-administrasjonen som hadde håpa at gjera Uganda til kjernen i sitt afrikanske Crisis Response Initiative.

I 2000 veksla rwandiske og ugandiske troppar eld ved tre høve i den kongolesiske byen i Kisangani, noko som førte til spenningar og ei forverring i forholdet mellom Kagame og Museveni.

Den internasjonale domstolen slo i desember 2005, fast at Uganda skulle betala erstatning til Den demokratiske republikken Kongo for krenkingar av menneskerettane.

Folkesetnad

[endre | endre wikiteksten]

Større byar

[endre | endre wikiteksten]

Dei største byane i Uganda, med innbyggjartal ved folketeljinga i 2014:[5]

Uganda er inndelt i 56 distrikt:

Nasjonalparkar og storviltreservat

[endre | endre wikiteksten]
Murchinson Falls.

Nasjonalparkar i Uganda som blir forvalta av Uganda Wildlife Authority:

Dei fleste ugandarar reknar seg i dag som kristne. Mange er òg muslimar. Omtrent ein tredjedel av befolkninga tilhøyrer Church of Uganda.

Det finst fleire innfødde tradisjonelle religionar i Uganda, spreidd mellom folkegruppene som finst i landet. Blant dei finst visse element som opptrer i fleire av religionane. Dei har ofte fleire gudar eller ander dei trur på som har varierande vekt og tyding. Dei trur òg på at dei døde åndene lever vidare, og dei driv ofte med forfedredyrking. Desse religionane er blitt mindre utbreidde etter at koloniseringa skaut fart i Uganda på 1800-talet. I dag utøver 18 % av folkesetnaden i landet innfødde religionar.[6]

Den noverande presidenten i landet, Yoweri Kaguta Museveni, har vore ved makta sidan 1986.[7]

Presidenten i landet er både statsoverhovud og regjeringsleiar. Presidenten utnemner ein statsminister som skal hjelpa han i arbeidet. Parlamentet heiter kalla National Assembly og har 332 medlemmer. 104 av dei kjem frå ulike interessegrupper, t.d. kvinner og hæren (UPDF). Dei andre medlemmene blir valde for ein fireårsperiode.[8]

Sidan 1986 har politiske parti vore omkransa av sterke restriksjonar, men er framleis formelt tillatne for å minska sekterisk vald. Etter at Museveni oppretta eit ikkje-partisystem kalla «the Movement» som styreform blei politiske parti i og for seg tillatne å eksistera, men berre i avgrensa form. Dei kan berre ha eit hovudkontor og kan ikkje opna filialar. Dei kan heller ikkje halda demonstrasjonar og kan ikkje stilla motkandidatar til vala (sjølv om om kandidatar godt kan tilhøyra eit parti).

I juli 2005 blei det halde ei folkeavstemning som avskaffa det 19 år lange forbodet mot fleirpartipolitikk. I tillegg blei grunnloven endra slik at den tidlegare avgrensinga til to mandatperiodar for presidentar blei avskaffa slik at president Museveni kunne bli sitjande ved makta.

Ved presidentvalet i februar 2011 blei Yoweri Museveni gjenvald framfor fleire motkandidatar, der dr. Kizza Besigye i eksil var den mest framståande.

Menneskerettar

[endre | endre wikiteksten]

Den mangeårige konflikten i den nordlege delen av landet medfører framleis krenkingar av menneskerettene begått av både opprørsrørsla Lord's Resistance Army og av militæret i Uganda. 1,4 millionar menneske er rekna som å vera internt fordrivne. Tortur er framleis utbreidd innan tryggleiksstyrkane. Åtak på politisk fridom i landet, inklusive griping og mishandling av medlemmer av opposisjonen, har medført internasjonal kritikk. Dette kulminerte i mai 2005, då Storbritannia vedtok å halda tilbake ein del av sin bistanden sin til Uganda.[9]

Fleire grasrotorganisasjonar har prøvd å skapa merksemd kring barna som er blitt kidnappa av Lord's Resistance Army og deretter tvangsverva. Tusen av barn ned til åtteårsalderen er blitt fanga. Gutan blir som tvinga til å drepa som barnesoldatar, medan jentene blir tvangsgifte med offiserar i opprørshæren.

Homofile har svært få rettar. Homofile forhold er ulovlege, og blir fordømde som å ha oppstått ved utanlandsk påverknad. Dette er til trass for velkjende stammetradisjonar som fanst lenge før den europeiske koloniseringa, til dømes i forhold som ope fann stad blant kongelege i Buganda.

Utdanningsvesen

[endre | endre wikiteksten]
Studentar i Uganda

Analfabetisme er utbreidd i Uganda, særleg blant unge kvinner. Cirka 30 % av folkesetnaden eldre enn 15 år var analfabetar i 2003. Staten brukte 5,2 % av BNP til skuleverket i åra 2002–2005 . Ein stor del av skulegangen i grunnskulen byggjer på repetisjon og utanatlæring.

Uganda har både offentlege og private universitet. Det største universitetet i landet er Makerereuniversitetet, som ligg utanfor Kampala. Strukturen i det ugandiske skulevesenet er å gje borna ein sjuårig grunnskule, seksårig såkalla sekundær utdanning (delt i ein fireårig lågare sekundær og ein toårige høgare sekundær skule), og deretter ei tre- til femårig vidaregåande opplæring. Det noverande skulesystemet har i prinsippet ikkje endra seg sidan 1960-talet.

Sjølv om sjuårskolen er obligatorisk, lar familiar i mange av dei mindre byane og i landsbruksdistrikta borna ikkje gå på skule, ettersom dei ikkje kan betale kostnadene for skuleuniform, bøker og utstyr.

Viktige naturressursar i landet er kopar, kobolt, vasskraft, kalkstein, salt og fruktbar mark.

Den viktigaste næringa i Uganda er jordbruk, som sysselset meir enn 80 % av arbeidskrafta. Ein stor del av det som blir produsert er økologisk framstilt, utan kunstgjødsel og kjemikaliar. Den største eksportvara er kaffi. Andre viktige jordbruksprodukt er te, bomull, vanilje, mais og blomar.

51 % av befolkninga lever under fattigdomsgrensa. Sidan 1986 har styresmaktene, med støtte frå utlandet, prøvd å stabilisera økonomien i landet gjennom mellom anna valutareformer, auka prisar på eksportavlingar og høgare lønningar for offentleg tilsette. Med dette ønskte ein særleg å oppnå ein minska inflasjon og ein stigande eksportproduksjon.

I eit omfattande program er det utført ein såkalla mineral air scan sidan 2005 og det er gjort funn av mengder med nøkkelmetall. Frå det utarbeidde kartet over dokumenterte funn der gull var den mest framtredande, har ein også funne metall som jern, kopar, tinn, wolfram, bly, sink, beryllium, vismut, krom, kobolt og columbitt-tantalitt, som ei lang rekkje andre jordartmetall og industrimineral. Dei største førekomstane av mineral i Uganda består likevel framleis av svært store førekomstar av gull. Det så kalla green stone belt i Den demokratiske republikken Kongo, som har gjort Kongo til ein av verds største gulleksportørar, held fram inn i Uganda. Desse førekomstane av gull blei oppdaga allereie i den britiske kolonitida, men er sidan då ikkje blitt utvunne i større utstrekning. Gruvedrifta er eit område i Uganda med stort utviklingspotensiale.[10]

Energiutvinning

[endre | endre wikiteksten]

Nesten heile elektrisitetsproduksjonen i landet er av vasskraft, og Uganda eksporterer òg elektrisitet, særleg til Kenya. Utarbeidingar som er blitt gjort, blant anna i samarbeid med ekspertar frå Sverige, Tyskland og Island, har funne store forekomstar av geotermisk aktivitet som er eigna til elektrisitetproduksjon. Ei kraftig utbygging i energisektoren er i gang, og ein har planlagt å dobla produksjonen.

  1. Uganda Bureau of Statistics, Statistical Abstract 2008
  2. ibid. pp. 262–263 (Cambridge Journals)
  3. New Vision, 26 and 28 August 1998
  4. "L'Ouganda et les guerres Congolaises", Politique Africaine, 75: 43–59, 1999
  5. http://www.geonames.org: Største byer i Uganda
  6. Robert Barlas. "Uganda". Marshall Cavendish Corporation, 2000.
  7. «Yoweri Museveni» (5. september 2023) i Store norske leksikon, snl.no.
  8. «Parliament of Uganda Website :: – COMPOSITION OF PARLIAMENT». Parliament.go.ug. Henta 29. juli 2009. 
  9. "Uganda: Respect Opposition Right to Campaign" Arkivert 29. september 2007 ved Wayback Machine., Human Rights Watch, 19 December, 2005
  10. Joshua T. Tuhumwire (2009). Mineral Exploration Opportunities in Uganda. Arkivert frå originalen 13. juni 2010. Henta 16. september 2015. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Uganda
Spire Denne geografiartikkelen som har med Uganda å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.